English

Tverrberget

Volda

Kort om turen

Tverrberget ligg i eit turområde som er lett tilgjengelig frå Volda sentrum. Her er flott utsikt og du kan gå vidare til Vardehornet og Melshornet eller til Niven/Ring. Tverrberget er ikkje like godt kjent som dei turmåla som ligg rundt, og ein får ofte gå uforstyrra her. Ta ein stopp på Gildrehammaren, her er det flott utsikt over Volda! Turen går delvis i myrlendt terreng, så det er lurt å ha sko som tåler væte.

Ruteskildring

Start øvst i Kleppevegen ved ei turtavle som viser turstiane i området. Følg grusveg til Kometland. Frå Kometland følger du sti vidare til du kjem til skilt merka Gildrehammaren, og følger dette opp til Gildrehammaren. Herifrå går du på tydeleg sti vidare bakover. Det er skilta til "Ring via Tverrberget". Følg merka og tydeleg sti til varden på Tverrberget, knapt 2 km. Undervegs passerer du eit skilt merka Sætra. Du skal ikkje ta av mot Sætra, men følge stien rett fram. På returen kan du gå ned ei anna rute: Når du har gått ned Tverrberget-ryggen, følger du skilting til "Klepp 1,7 km". Stien er merka med raude merkepinnar. Den har berre nokre få parti som kan verte litt våte, elles er den tørr og fin. Du kjem etterkvart ned på ein rygg med flott utsikt. Stopp gjerne og nyt utsikta her!  Etter om lag 0,9 km kjem du inn på stien til Ring/Niven. Følg stien eit lite stykke nedover til du kjem til skilt som viser to ruter til Klepp. Begge er skilta og merka, så det er opp til deg å velge.

Tilkomst og parkering

Start er øvst i Kleppevegen på vegen som går til Kometland. Frå sentrum køyrer du opp Storgata, Ottamarka og Engesetvegen. Ved eit stort kvitt bygg ("Maurtua") tek du til venstre og følger Kleppevegen til endes. Her er greit å finne parkering. Parkering øvst i Kleppevegen, ved ei fotballbane.
Fottur
Blå
Lengde
3,49 km rundtur
Stigning
323 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
489 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,49
Sti 3

Offentleg transport

Det er mogleg å gå frå Volda sentrum (busshaldeplassen) for dei fleste.

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut