English

Tusshornet - rute 59

Vanylven

Kort om turen

Tusshornet er et flott utkikspunkt. Ein kan her nyte utsikta ut heile Vanylvsfjorden. Å sjå sola gå ned i havet utanfor Stadt er eit fantastisk syn. På denne turen får ein også med seg utsikta innover fjorden til Kjøde, ein ser høgste fjellet i Selje, Stadthalvøya, mot Fiskå/Hovda og opp gjennom dalen på Åheim og sjølvsagt den flotte Åheimsbygda.

Ruteskildring

Denne turbeskrivelsen er lagt opp som ein rundtur, men ein kan sjølvsagt velge å gå opp og ned same veg. Det er då to alternativ som er merka. Enten opp fra Sjurledet, det er der stigninga starter når ein køyrer frå Åheim mot Nordfjord, eller opp frå Longhammaren, som er rett etter den store høgresvingen ovanfor den gamle vegvesengarasja. Der er det skilta mot Tusshornet. Ei tredje, umerka rute går opp ved gamle Thue skule, mot ryggen og følger denne. Rett nedanfor Buliksteinen kjem ein inn på merka sti frå Sjurledet. Her vil ein beskrive turen opp fra Sjurledet og ned Longhammaren: Turen startar ved Fv 61 der stigninga startar på vegen frå Åheim mot Nordfjord. Følg grusvegen som går opp til høgre (mot vest). Etter vel 200 m er ein på toppen av denne vegen. Der står det skilt som viser vegen mot Tusshornet. Ta til venstre opp traktorvegen. I enden av traktorvegen er det ei grind som ein må late att etter seg da det kan vere dyr på beite. Frå grinda er turen merka til ein er nede på Fv 61 ved Longhammaren. Rett etter grinda går ein inn i skog som ein kjem ut av etter ca. 75 m. Deretter er det åpent terreng til ein er nesten nede ved Longhammaren. Følg merka sti mot toppen. Om lag halveis mellom grinda og toppen kjem ein til ein stor stein som blir kalla Buliksteinen. Ein er no komen så høgt at ein ser ut havgapet i Vanylvsfjorden. Her kan det passe å ta ei pause, klive opp på steinen, og nyte utsikta. Etter Buliksteinen fortset ein på god og merka sti mot toppen. Om lag 100 m før ein når toppen møter ein ruta som går ned mot Longhammaren. Vel opp ved fjellposten til Åheim IL kan ein nyte utsikta ut den vakre Vanylvsfjorden. Vil også anbefale ein liten avstikkar på 70 m mot Nyken, ein runder steinen og går litt mot høgre der ein har eit fint utkikspunkt innover Vanylvsfjorden mot Skorge og Kjøde. Frå Tusshornet er det også merka rute sørover mot Nyken, og vidare mot Vaulsnipa og Kyrnosa. Frå Kyrnosa er det også merka til Gorgehornet og ned til Skorge eventuelt ned Tusentrinnstrappa.Første 100 m av returen går på same sti som opp. Deretter går ein rett fram mot ein bergknaus med ein stein på. Hold til høgre ned her da berget kan være glatt. Det er fleire bergknausar på veg ned og om det er vått bør ein gå i utkanten av disse da det kan være sleipt. Det er ikkje så god sti ned som opp, men det er godt merka og lett å finne vegen. På tur ned har ein flott utsikt over Åheimsbygda mot fjorden og opp mot dalane. Nede ved fylkesvegen er det ei grind som ein må hugse å late att etter seg. Følg Fv 61 mot venstre, ca. 700 m, tilbake til utgangspunktet.

Tilkomst og parkering

Frå krysset i sentrum av Åheim køyrer ein over brua og sørover mot Måløy. Rett etter at stigninga over Maurstadeidet startar går ein veg opp til høgre. Frå krysset i sentrum er det ca. 700 m til rutestart. Ved rutestart er det plass til ein eller maks to bilar rett nedanfor postkassestativet. Eit anna godt alternativ kan være å parkere ved Misjonshuset. Det blir då 400 m å gå sørover langs Fv 61 til rutestart. Gratis parkering på begge alternativ.
Fottur
Blå
Lengde
3,55 km tur/retur
Stigning
346 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,81
Sti 2,4

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut