Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Tusentrinnstrappa-Gorgehornet, rute 60.

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

3 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Fylkesvegen er det kort veg til parkering og rutestart. Ein går rett oppover mot tusentrinnstrappa.
Når ein kjem opp og ser Storevatnet tek ein til venstre mot Gorgehornet.
Ein ser staden der  innslaget til Stad skipstunnel er tenkt, og har flott utsikt utover mot Stadlandet.
Flott utsikt mot Vanylvsfjorden.

Tusentrinnstrappa-Gorgehornet, rute 60.

Fotograf: Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Ein spektakulær tur opp ei bratt trapp med tusen trinn. Om ein har høgdeskrekk kan ein føle ubehag ved denne turen. Trappa startar litt ovanfor kraftstasjonen i Kjødepollen (bygd i 1938) og går bratt opp langs rørledninga som kjem frå Storevatnet(også kalt Skorgevatnet, men brukar her namn frå Turkart Vanylven). Nokre brukar trappa som trening. Ein kan få pulsen til å auke raskt om ein ynskjer det. Linken under viser nokre fine bilder av trappa.
http://westcoastpeaks.com/Peaks/heidane1.html
På ca 340 moh er det slutt på trappa. Ein fortset då på tydelig sti opp til ca. 390 moh der Storevatnet openbarer seg. Vidare er det ein lett tur på merka sti opp til Gorgehornet på 517 moh der ein har flott utsikt mot Vanylvsfjorden og utover mot Stadlandet. Ein ser også området innerst i fjorden der innslaget til Stadtunnelen er tenkt.
http://www.skipstunnel.no/

Kvar i terrenget går turen?

Turen starter ved kraftstasjonen i Kjødepollen, innerst i Vanylvsfjorden. Tydelige skilt viser veg ved start. Ein går først på noko laus grus/stein før ein kjem opp til trappa, som er lagt inn som fast grus i beskrivelse av underlag. Trappa skal være på nøyaktig 1000 trinn, men den går ikkje samanhengande. Ein må innimellom gå på sti, noko som ikkje byr på særlig problem. Når trappa tek slutt fortset ein på tydelig sti. Ved eit par bergknausar som kan være glatte er det lagt ut tau som hjelp og støtte. Vel oppe frå bratta har ein Storevatnet rett framfor seg. Der er det også skilta. Følg skilt til venstre mot Gorgehornet. Resten av turen mot toppen er merka og lett å gå. Vel oppe har ein flott utsikt over Vanylvsfjorden og utover mot Stadlandet. Retur same veg.
Eit alternativ kan være å fortsette på merka sti mot Lisjevatnet og vidare ned til Skorge.
Denne turen er også del av Åheim IL sitt merka rutenett som går vidare mot Kyrnosa og ned til Beksle, eventuelt frå Kyrnosa mot Vaulsnipa, Nyken, Tusshornet og ned til Åheim.
Heile turen går i Sogn og Fjordane, men sidan Gorgehornet er ein av fjellpostane til Åheim IL høyrer den heime på Morotur. Går ein ned til Skorge, avsluttar ein turen på Møresida av fylkesgrensa.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

På Åheim tek ein av mot Stadlandet/Selje på Fv 620. Etter 5,9 km er ein ved Kjødepollen innerst i Vanylvsfjorden. Ta til venstre opp mot kraftstasjonen. Ved fylkesvegen er det skilta mot Tusentrinnstrappa. Etter 300 m er ein ved kraftstasjonen der det er god plass til parkering. Like ved parkeringa er det skilta og ein går rett på stigninga mot Tusentrinnstrappa.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkeringsplass ved rutestart/kraftstasjonen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,6
Løs grus 0,3
God sti 1,8
Dårlig sti 0,3
Lengde tur/retur (km) 3 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 230 40
Bratteste helning ned 230 40
Total stigning 460 Høydemeter

Mobildekning

God dekning det meste av turen, men litt tvilsomt i det brattaste partiet.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven