Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,8

Lengde en vei (km)

2,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Turrnausa

Fotograf: Frode Færøy

Kvifor gå denne turen?

Flott tur med god utsikt etter at ein kjem over skoggrensa. Dette er ikkje det høgaste fjellet som omkransar Stordal, men det gir likevel ei veldig god utsikt til Stordal og fjorden.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå Stordal skule. Kryss vegen over fotgjengarfeltet og gå mot venstre. Ved postkassestativet tar du til høgre og følg vegen mot Vinjehjellane bustadfelt ca 1 km, til du kjem til skiltet merka Grigås natursti. Her går du inn i gjerdet, held mot høgre og rett opp ei bratt stigning til dei øvste husa i bustadfeltet. God rås vidare mot høgre og inn i skogen. Her kan det gå dyr på beite så husk å lukk grindene. Ein passerer tuftene av ein gammal sommarfjøs. Det er framleis litt stigning, men så flatar råsa litt ut igjen. Her finn ein kassa til Grigås natursti.

Vidare går ein over nokre bekkar og kjem etter kvart opp på ein skogsveg. Her går ein rett over denne og finn rås på andre sida. Her går råsa bratt opp til ein kjem til eit skilje ved ei gammal steinbru. Her tek ein vegen over brua og går råsa oppover.

Råsa går over eit myrområde, før ein tek til på stigninga mot Turrnausa. Her kan det kjennast litt bratt og luftig, men samtidig er utsikta god. Turkasse er plassert på ein liten varde rett før toppunktet.

Kulturminne

Tuftene av gammal sommarfjøs ved Grigås natursti. Steinbru over elva.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Stordal skule

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,9
Lengde tur/retur (km) 5,8
Lengde en vei (km) 2,9
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 30
Total stigning 635 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Ørskogfjellet