Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Tur til Apalviksætra

Om turen

Gradering

Kommune

Skodje

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

5,4 km

Lengde en vei (km)

2,7 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Tur til Apalviksætra

Kvifor gå denne turen?

Turen går på ein godt stelt sætreveg med flott furu- og lauvskog på begge sider. På turen vil det vere råd å ta seg ein stopp ved ei gammal utløe som ligg kloss i vegen.
Vel framme på Apalviksætra vil ein kunne nyte god utsikt mot vest, og oppleve eit innbydande stølsmiljø med små sætrebuer.
Sætredrifta blei utfasa på 1950-talet.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved parkeringsplassen i starten av sætrevegen. Det blir tur-retur på same vegen, og ingen kryss der det skulle vere fare for å gå feil.
Mesteparten av turen flatlendt og eigna for rullestolbrukarar, men siste bakkane mot sætra kan vere krevjande.

Kulturminne

Gammal utløe langs vegen, og eit miljø med gamle sætrehus på Apalviksætra.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Ta av mot Solnørdalen ved tunnelen i Skodjevågen. Etter ca 1 km vil de passere Nordic Supply, og 200-300 m forbi Nordic vil de ta av til venstre og finne parkeringsplassen i starten av sætrevegen

Kvar endar turen?

Apalviksætra

Kvar kan du parkere?

Ved starten av sætrevegen; B: 62.4994, L: 6.7384

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,4 km
Lengde en vei (km) 2,7 km