English

Tunheimshornet – Fiskå – rute 16

Vanylven

Kort om turen

Det er få plassar ein kan kome så lett og raskt opp til god utsikt som på Tunheimshornet på Tunheim på Fiskå. Dei fleste vil bruke ca ein halv time opp til toppen. Frå starten på 30 m.o.h. og opp til toppen på 260 m.o.h. er det god rås (sti) og lett å gå, og på toppen er det benkar og bord der ein kan nyte utsikten i fleire himmelretningar i ro og mak. 

Ruteskildring

Frå bensinstasjonen går du ca 70 meter langs riksvegen før du kryssar vegen og går på nedsida av driftsbygningen på den første garden, og på oversida av driftsbygningen på den andre garden. Ca 300 meter etter bensinstasjonen kjem du til starten av geila på ca 40 moh. Det er god sti men relativt bratt opp geila der du etter å ha gått 250 meter er komen opp i ei høgde av knappe 110 moh. i Tunheimskaret. Her tek ein skarpt til venstre og følgjer ryggen oppover til toppen 260 moh. Første i furuskog der det er god ly mot vind, så i meir ope terreng med litt lauvskog. Det er nokre få parti der ein skal vere OBS på kvar ein går, fordi det er bratte fjellveggar ned frå Tunheimshornet. Vel framme på toppen kan du kose deg med veldig flott utsikt.

Tilkomst og parkering

Tunheimshornet er svært godt synleg frå store område rundt fjellet, og å finne fram dit er svært lett. Greiaste parkering finn ein ved bensinstasjonen på Tunheim.

Fottur
Grønn
Lengde
1,19 km en vei
Stigning
228 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
243 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,4

Anna

NB! Ver merksam på at det er nokre få passasjar på denne turen med bratte berg. Gå ikkje for langt ut mot kanten av stupet ned frå toppen, for der er det svært bratt. Ver også OBS på at det ofte går dyr på beite i området, så pass på å late igjen grinda etter deg. 

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Lenke til turskildring

In English
Køyreskildring
Print ut