English

Tua på Sæbøneset

Ørsta

Kort om turen

Frå Tua på Sæbøneset er det flott utsikt sjølv om ein ikkje er så høgt til fjells. Det er ei bratt oppstiging, men etterkvart får ein altså betalt med super utsikt! På toppen er det godt å sitte og sjå utover på ferga som går på fjorden, på toppane som omkransar deg eller sjå ned på Sæbø.

Ruteskildring

Starten av turen er skilta "Tua" og stien finn du bak ein garasje. Det er god sti som går bratt opp gjennom lia. Det er god merking og høgdemetrar er også markerte nokre stadar. Nokre stadar er stien litt slakare, men stort sett går det nokså bratt opp gjennom skogen. På omlag 370 moh får du første utsiktspunkt. Her ser du over mot Trandal. Etterkvart er det nokre utsiktsplassar til, men beste utsikta har du når du er heilt på toppen!

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta sentrum tek du av mot Sæbø. Følg RV655. Når du kjem til Sæbø sentrum, køyrer du forbi fergekaia. Følg Flatnesvegen og etterkvart tek du av på Høgeskjerva. Stien startar bak ei garasje i svingen i Høgeskjerva. Det er skilta. Det er bra med plass til å parkere ved start.
Fottur
Blå
Lengde
1,3 km en vei
Stigning
564 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,6

Offentleg transport

Buss til Sæbø og så kan du gå til start http://www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut