English

Trollevasshornet

Vanylven

Kort om turen

Ein relativt lett tur gjennom slakt terreng når du fyrst har fått unnagjort oppstigninga langs grusveg til fjellkanten. Her kan du få lange ut, eller berre rusle, innover myrar og fjellryggar mot ein topp som ikkje ragar så høgt, men likevel har bra utsikt. Denne turen er rute 8 på turkartet for Vanylven.

Ruteskildring

Fra lunningsplassen (parkering) følger du vegen oppover. Omlag halvvegs på oppstigninga deler vegen seg, då tek du til venstre. Det er fleire rasteplassar med bord under oppstigninga. Ved enden av vegen er det skilta og merka rås (sti). Stien er stort sett tydeleg og lett å fylgje, og mindre bratt enn oppstigninga lengs grusvegen. Råsa går stort sett langs fjellkanten fram til Kjerringa hans Vik før den bøyer innover eit slakt dalføre forbi Deplevatnet. Dette vatnet er grunt og snart attgrodd. Her ser vi korleis ei myr vert laga .Langs vatnet blir råsa utydelegare. Etter at råsa har gjort ein sving rundt eit myrområde, får vi oppstigninga til toppen. På toppen bles det oftast sjølv om det kan vere stilt på toppar som er høgare.

Tilkomst og parkering

Startstaden er ein lunningsplass (lagringsplass for tømmer) 6 km vest for Fiskå. Her er det gode parkeringstilhøve og det er satt opp skilt for turen her. Det står og ei infotavle med kart, foto og info om turar i dette området.
Fottur
Blå
Lengde
5,76 km en vei
Stigning
583 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
608 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,5
Sti 5,5
Ingen sti 1

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring
Print ut