Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

Tur/retur: 5,6 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Stien går etter den gamle skulevegen mellom Bøkleppen og Flessa.
Skilta parkering ved Flessen hyttesenter.
Vel framme i Trodalen.
Tjuvåa er eit vakkert syn i vårløysinga.

Trodalen

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Trodalen er det perfekte turmålet for søndagsturen med familien. Turen er såpass lang at ein bør beregne litt meir tid enn ein ettermiddag om ein vil ha med dei aller yngste, men det er ikkje meir stigning undervegs enn at turen greitt kan gjennomførast også for personar med dårleg turgrunnlag. Her får ein med seg alt frå fjøresteinar til tett granskog, og vel framme i Trodalen kan ein nyte matpakken på hustrappa med ein praktfull utsikt utover Trongfjorden.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved Flessen hyttesenter. Gå forbi hyttene ved parkeringsplassen og fortsett vidare utover langs stranda. Du kjem da etter kvart inn på ein godt merka sti. Følg den blå merkinga etter stien. Du kryssar ein skogsveg etter ei stund. Den blå merkinga går vidare på andre sida av vegen. Når du treffer på skogsveg for andre gong, tek du av til venstre og følgjer skogsvegen til du kjem til eit punkt der vegen deler seg. Der må du ikkje gå nedover, men følgje skilta rett fram mot Trodalen.

NB! Ver obs på to punkt på turen. Både på tur utover og tilbaketuren er det eitt punkt det er lett å gå feil. På begge plassane kan ein feilaktig gå rett fram der stien svingar oppover. Det er tett mellom dei blå merkingane, så viss du oppdagar du har gått feil, er det berre få meter tilbake til den merka stien. Dermed er du fort på rett veg igjen.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

• Enkelte stader på stien ser du den gamle vegen som barna frå Bøkleppen gjekk etter den gongen dei måtte til Flessa for å gå på skule.
• Målet for turen er det no fråflytta bruket Trodalen. Våningshuset står framleis. På 1800-talet var det mange menneske som budde på det som no er øydegardar langs sjøen mellom Flessa og Bøkleppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved Flessen hyttesenter. Ta av i krysset på Bele og følg skilting i retning Flessa/Flessen hyttesenter.

Kvar endar turen?

Retur til startpunktet.

Kvar kan du parkere?

Gratis, skilta parkeringsplassar ved hyttesenteret.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1 km
God sti 4 km
Lengde tur/retur (km) Tur/retur: 5,6 km
Stigning meter grader
Total stigning 110 m Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Mobildekning for Telenor i Trodalen.

Kart

Fjordruta