English

Trimløypa i Tafjord

Fjord

Kort om turen

Ein lett tur gjennom gammalt beiteområde og kulturlandskap. Området er variert og ganske kupert med innslag av særleg furu og bjørk og mange til dels store og mosegrodde steinar. 

Ruteskildring

Ruta startar på framsida av Kraft- og skredsenteret. Følg gangveg som kryssar elva på støypt plate og opp skråninga til Dalevegen. Gå langs vegen omlag 200 meter, og ta til venstre inn på sti som du følgjer til den på nyttt kryssar Dalevegen.

Stien går vidare gjennom skogen langs ein bekk og mellom mosegrodde steinar. Etterkvart opnar terrenget seg litt mot fjorden og mot beiteområde. På denne sløyfa passerer du turkassa som heng på eit tre og eit stidele med skilt til Tafjord. Stien gjennom skogen kan vere utydeleg nokre plassar, men skal vere grei å finne. 

Stien kryssar på nyt ein veg, Sjoavegen, og går vidare gjennom skogen til gamle Tafjord skule, som no er eigd og nytta av lokale bedrifter. Ved ballbingen finn du ein sti til vegen som heiter Årjuvene, som du følgjer tilbake til Dalevegen. Derifrå tilbake til parkeringsplassen, same rute som ved turstart.

Det er god rås heile vegen, og det er oftast greitt å gå i vanlege joggesko.

Første delen av løypa går gjennom eit beiteområde. Der er to led på vegen. Sauane er der ei periode våren og hausten, midt sommaren held dei til på fjellet. Ved det andre ledet kjem ein til gamle fylkesvegen. Der kryssar ein vegen og held fram i retning sørover. Ved eit punkt kan ein ta av å følgje rås oppover til Hauenden. Råsa er tydeleg og går ganske bratt oppover og kjem ned att ved Onilsavatnet. Like etter kan ein sjå ein spesiell figur ved sida av råsa. Bruker ein fantasien, kan ein sjå at den liknar på ein skapning med eit digert gap. Ved Hauendskjetet er der ei bok i ei plastikkboks som er plassert under ein stein. Der kan ein skrive namnet sitt. Så går råsa vidare til Sessane. Derifrå kjem ein opp på ei høgd før ei bratt skråning ned til bilvegen. Der kryssar ein vegen og held fram på kanten ovanfor den tørrlagte Tafjordelva til ein kjem ned til byggefeltet der trimløypa sluttar. Ein kjem ned til bilveg ved krysset der ein tok av til skulen. Då følgjer ein bilvegen til parkeringsplassen.

Trimløypa går i variert og kupert terreng ovanfor bustadområda i bygda. Ho krysser vegen to gonger. Frå slutten av løypa må ein følgje bilveg tilbake til startpunktet.

Tilkomst og parkering

Ta til venstre rett før brua over Storelva, og følg vegen oppover langs austsida av elva, skilta til Kraft- og Skredsenteret, 700 meter. Gratis parkering ved Kraft- og skredsenteret.

 

Fottur
Grønn
Lengde
2,04 km rundtur
Stigning
84 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
91 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 1,8

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000. Turkart Tafjordfjella
Køyreskildring
Print ut