Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

14 km

Lengde en vei (km)

7 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turstart ved Eidsvatnet
Pause på Eidsheia etter dei fyrste femhundre høgdemetrane
Utsyn over Sunnylvsfjorden mot Hellesylt frå toppen av Tretindanibba
Tilbakeblikk frå Oaldsegga-med Oaldsvatnet og Skorene i bakgrunnen

Tretindanibba

Fotograf: Merete Løvoll Rønneberg

Kvifor gå denne turen?

OBS! Opnar ca. 1. juli.

Ein av dei flottaste toppturane sentralt i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland.
Variert naturlandskap undervegs, der ein m.a. passerer eit svært godt fiskevatn, Oaldsvatnet (fiskekort kan kjøpast i boks på rasteplassen ved Eidsvatnet).
Ruta følgjer delar av den gamla postruta til Oaldsbygda. Her vart det òg ført over storfe i "gamle dagar".
Fleire bogesteller (sòter) på Oaldsegga.
Makelaust fjord- og fjellutsyn frå toppen av Tretindanibba

Kvar i terrenget går turen?

Ver merksam på at det kan ligge snø på denne turen til langt ut i juni. Turruta startar på rasteplassen ved Eidsvatnet i Eidsdal. Her er det sett opp ei informasjonstavle med oversyn over aktuelle turruter i området og flyfoto med innteikna ruter. Ruta er merka med raude v-ar (v for verdsarv) i terrenget og trepiler ved sentrale råsdele.
Frå rasteplassen følgjer ein traktorveg sørover langs vatnet, mot nokre hytter. Ved hyttene svingar vegen oppover, og ein kryssar ei grov (steinklopp over) ved en øvste av hyttene. Herifrå går det god rås relativt bratt opp til Eidsheia. Startpunkt 425 m.o.h. Når ein kjem opp til turposten på Eidsheia (900m.o.h.), er verste stigninga unnagjort. Råsa følgjer no den gamle telefonlina vidare opp til Oaldsvatnet. Fyrste stykke er det relativt god rås, men i stigninga opp til Oaldsvatnet vert råsa litt meir utydeleg. Her er det dels steinur, men varda opp til vatnet.
Ruta svingar seg rundt nordsenden av vatnet, og følgjer relativt nært vasskanten fyrste stykket sørover langs vatnet. Så svingar ruta sørvestover i eit terrengsøkk i same retning og går bratt opp mot Oaldsegga 1400 m.o.h. Oppe på egga svingar ein nordvestover og følgjer fjellryggen mot toppen. Ein går over nokre "luretoppar" før ein kjem opp til det høgste punktet 1528 m.o.h. Stipulert turtid 3-4 timar, men med god fart er ein oppe på omlag 2 timar.

GODT fjellvande folk kan kanskje leggje returen nedatt via egga mot aust. Her er nokre luftige parti, men eigentleg lett klyving. Dette er ikkje ei rute vi tilrår for "folk flest"!

Merk også moglegheita for å halde fram frå Oaldsegga ned til Oaldsbygda.

Kulturminne

Bogesteller på Oaldsegga. Dette er restar etter gamle fangsanlegg frå steinalderen.
Telefonstolpane over til Oaldsbygda. Denne lina vart sett opp på dugnad av bygdefolket i Eidsdal og i Oaldsbygda i 1930.
Setertufter etter Eidssetra (ein må helst vite om desse for å finne dei)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start frå rasteplassen ved Eidsvatnet i Eidsdal. Rasteplassen ligg ca. 10 km frå Eidsdal sentrum i retning mot Geiranger. Rasteplassen ligg i nordenden av vatnet. I sommarsesongen er det ope toalett på plassen.

Kvar endar turen?

Tur/retur same veg.
Sjå elles turomtalen for alternative ruter.

Kvar kan du parkere?

Parkering på rasteplassen på Eide, ved Eidsvatnet. Inga avgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3 km
Dårlig sti 2 km
Natur 2 km
Lengde tur/retur (km) 14 km
Lengde en vei (km) 7 km
Stigning meter grader
Total stigning 1100 høgdemeter Høydemeter

Offentlig transport

Det går bussruter mellom Eidsdal og Geiranger, men ikkje så mange gongane dagleg.
http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145

Mobildekning

Dels mobildekking, men ikkje alle stader

Kart

Turkart Stranda kommune 1:50.000 og Turkart Norddal kommune 1:50.000