English

Torviksetra

Surnadal

Kort om turen

Turen til Torviksetra er å anbefale av fleire grunnar. Turmålet ein idyllisk setervoll med fleire eldre bygningar. Det er også eit flott utsiktspunkt med utsyn mot blant anna Kjergroneset, Vargøya, Bølia og Tussan. Dei mange svingane oppover lia gjer dessutan at denne setervegen ikkje er så bratt som mange andre liknande vegar på våre trakter. 

Ruteskildring

Etter at du har parkert på nersida av vegen, går du oppover vegen som tek av rett på øversida, forbi sandtaket og gjennom hyttefeltet. Fortsett oppover skogsvegen. Eit godt stykke oppi lia flatar det litt ut og du passerer eit par eldre bygningar. Rett etter desse tek du av til venstre i skilta retning innover lia. Vegen deler seg igjen straks etter at du har teke av frå skogsvegen. Her må du halde til høgre. Denne stien fører deg forbi Gammelseterstølen og kortaste veg opp mot Torviksetra.

Viss du ikkje tek av frå skogsvegen når du passerer dei nemnte bygningane, vil du også koma fram til seterstølen. Dette er derimot ca 400 meter lengre enn om du følgjer stien om Gammelseterstølen.

Tilkomst og parkering

Køyr gjennom Surnadalsøra og vidare utover langs fjorden. Etter ca. 8 km, og før du kjem til gardane i sjølve Torvika, kjem du til ei vik. Her ser du på øversida av vegen eit lite sandtak og eit lite hyttefelt. På nersida av vegen er det plass til å parkere.
Fottur
Blå
Lengde
2,08 km en vei
Stigning
339 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
350 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Stien er merka etter etter nasjonal standard.

Kart

Ikkje nødvendig
Køyreskildring
Print ut