Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Appelsin er godt å ha med på fjelltur, Skredestranda sett frå Torsethornet
Rovdestranda
Syvdsfjorden
Utsikt mot aust

Torsethornet

Kvifor gå denne turen?

Torsethornet ligg austafor Veten med god utsikt over Rovdefjorden og mot Vanylvsfjella. Larsnes IL har trimpost på Torsethornet.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved leikeplassen på Slettestøl. Gå over leikeplassen, råsa startar i vestlegaste hjørnet av leikeplassen, der går ein traktorveg, den skal du ikkje gå for råsa går rett opp gjennom skogen i svingen på traktorvegen. Råsa går i sikksakk bratt oppover i tett skog, går så eit stykke mot vest, går så mot nord, når du kjem oppom skogen går råsa over nokre myrar, når du kjem oppå flata før Nyksvatnet tek du til høgre ca 50m før skiltet som viser til Veten, råsa går så austover over nokre myrar og opp til toppen av Torsethornet. God rås, men kan vere vått over myrane. På Torsethornet går der også rås vestover til Veten og nordover til Keipen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Leikeplassen på Slettestøl. Ta av frå fv 61 ved Årvik ferjekai, køyr 700m og ta til venstre i kryss før Liset feriesenter, køyr 150m og parker ved leikeplassen.

Kvar kan du parkere?

Ved leikeplassen på Slettestøl

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,6
Lengde tur/retur (km) 4,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 22
Bratteste helning ned 100 22
Total stigning 500 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no