English

Tjønnmyran

Surnadal

Kort om turen

Lysløypa i Todalen er ei lita perle fleire burde oppdage. Ho går i lett terreng: Det er berre éin bratt bakke, og denne kan ein unngå ved å gå att og fram same vegen. Her kan dei sprekaste i familien gå fleire rundar medan minstemann går sin eine. Like ved startpunktet er det også ein triveleg rasteplass med gapahuk, bålplass og toalett. 

Ruteskildring

Lysløypa i Tjønnmyran er ei sløyfe på ca 1,6 km. Du finn Stikk UT!-posten omtrent halvvegs i lysløpa, der du snur og går mot startpunktet igjen. Sidan løypa er ein rundtur, kjem du fram til turkassen uansett kva veg du vel å gå. Held du til venstre når du kjem ut frå parkeringsplassen, får du den flataste traseen.

Tilkomst og parkering

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare ein stor km, og sving til høgre der vegen opp mot Tjønnmyran er skilta. Her parkerer du på merka parkeringsplass.
Skitur
Grønn Løype
Stigning
42 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter
Lysløype
Hele turen
Høyeste punkt
154 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 1,6

Offentleg transport

Nei

Anna

Dersom lyset i lysløypa ikkje er på når du kjem, finn du brytaren på boksen ved lysstolpen rett ovanfor parkeringsplassen - til venstre når du kjem opp i lysløypa. Ein må slå på lyset manuelt (den grøne knappen lengst til venstre), men det slår seg av automatisk kl. 22.
Køyreskildring
Print ut