Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6,2

Lengde en vei (km)

3,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Rast undervegs
Snart oppe
Ved målet - Taustua
Frå starten av løypa

Taustua

Kvifor gå denne turen?

Turen er fin å gå heile året. Når det er bart, kan ein gjerne gå/jogge/sykle, medan det vinterstid er oppkøyrd løype. Enden av løypa er ved MSIL si hytte - Taustua - og her er det åpe nesten alle "raude" dagar året rundt. Her kan ein få kjøpe drikke - saft, buljong, solbærtoddy, brus og kaffi - samt kjeks og sjokolade. Området rundt hytta er solrikt og høver godt for ein "koserast" både sommar og vinter.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå parkeringsplassen i nordenden av Mausavatnet. Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei skibu. Ved skibua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar som sagt ved parkeringsplassen i Grova (ved nordenden av Mausavatnet). Kjem ein frå Spjelkavik retning mot Hareid, så skal ein køyre forbi avkøyrsle til Langevåg, gjennom tunnelen etter avkøyrsla, forbi krysset der vegen tar av til Mauseidvåg og vidare omlag 3-400 m. Då tar ein av til høgre mot Eikrem, og ein er då på parkeringsplassen. Kjem ein frå Hareid, må ein passe på å ta av frå hovudvegen i nordenden av Mausavatnet.

Kvar endar turen?

Enden av løypa er ved Taustua - MSIL si hytte.

Kvar kan du parkere?

Inga parkeringsavgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,8
Traktorveg 5,4
Lengde tur/retur (km) 6,2
Lengde en vei (km) 3,1
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 20
Total stigning 303 Høydemeter

Offentlig transport

Sularuta passerer rett forbi parkeringsplassen. Haldeplass 50 meter frå gardsvegen.
http://www.sularutelag.no (sjå linkar med Sulesund)

Mobildekning

god

Kart

O-kartet Eikremsskogane