English

Synnalandsvatnet rundt

Haram

Kort om turen

Turvegen rundt Synnalandsvatnet er ei triveleg runde som ein kan ta heile året. Turen rundt er drøye 5 kilometer, går på grusveg og har lys.

Ruteskildring

Heile strekningen rundt Synnalandsvatnet har grusveg og eignar seg godt både til fotturar, sykkel, barnevogn og rullestol. Terrenget er småkupert utan dei heilt store utfordringane og turen kan gåast begge vegar. Det er ingen kryss eller uklare vegval. Heile strekninga på 5,3 km har lys som tenner når det blir mørkt og som slår seg av klokka 23. Det er sett ut benkar og bord fleire stadar langs turvegen.

Om vinteren når det er snø, blir det trakka skiløype rundt heile vatnet. Her er det køyrt med med trommel slik at det er fint og hardt å gå til fots mellom skispora. Unngå for all del å trakke i skispora når dei er oppkøyrde.

På vestsida (til høgre for parkeringsplassen) like etter demninga har Brattvåg Rotary sett opp ein flott gapahuk. Her er det også trimapparat, rastebord og benkar. 

Vil ein ha ein litt lengre tur kan det anbefalast å gå vidare til Gjersetdalen villmarksområde, som er eit idyllinsk område ved Gjersetvatnet. Fortsett då om lag 1 km vidare mot sør når du er i sørenden av Synnalandsvatnet, på grusveg med litt stigning (mest mot slutten).

 

Tilkomst og parkering

Du startar på parkeringsplassen ved Synnalandsvatnet. For å komme deg dit køyrer du gjennom Brattvåg sentrum, og tek til venstre i kryss etter Haramssenteret og Brattvåg Bowling. Køyr forbi Brattvåg barneskule og ta til vestre opp mot Brattvåg IL sitt idrettsanlegg og skular. Køyr vidare forbi både stadion og Brattvåghallen. Ta til høgre i første kryss og følg vegen om lag 200 meter til du kjem til ein stor parkeringsplass på høgre side.

Eit alternativ for dei som brukar rullestol er å parkere på parkeringsplass nedanfor Brattvåg vassverk. Ta då av til høgre i same kryss som der ein tek av til Haram vidaregåande skule og Brattvåg ungdomsskule (rett før Brattvåg stadion). Køyr forbi område med bustadblokker og ta av til venstre (sørover) på asfaltert veg (Timbredalsvegen). Etter om lag 800 meter kjem du til parkeringsplassen med plass til nokre få bilar. Ver obs på at starten på vegen her er sperra med bom, men det skal vere muleg å køyre på utsida av denne.

Fottur
Blå
Lengde
5,27 km rundtur
Stigning
90 m
Tidsbruk
1 time
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Hele turen
Høyeste punkt
107 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 5
Køyreskildring
Print ut