Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Synnalandshornet frå Brattvåg

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Synnalandshornet frå Brattvåg

Fotograf: Johannes Strand

Kvifor gå denne turen?

Kort og lett tilgjengeleg tur med flott utsikt frå Synnalandshornet over Brattvåg, Helland, Nordøyane og innover Romsdalsfjorden. Registrering i postkasse på Synnalandshornet.

Kvar i terrenget går turen?

Gå frå parkerigsplassen ved nordenden av Synnalandsvatnet nordover på vei/skogsvei forbi Vassverket. På skogsvegens høgste punkt følg sti opp gjennom skogen til ein kjem til myr. Følg sti nordover myr mot Synnalandshornet (339 moh). Litt bratt stigning siste metrane opp mot "juletreet" på Synnalandshornet. Frå toppen følg sti sørover og passer Storehaugen på høgre hand før lang unnabakke over myr ned mot Timbredalen. Derifrå relativt bratt nedstigning austover gjennom skog til ein kjem tilbake til utgangspunktet ved demninga.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Brattvåg sentrum køyr opp til byggefelt Fjellbu til parkeringsplass ved nordenden av Synnalandsvatnet.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved demning i nordenden av Synnalandsvatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1
God sti 2
Dårlig sti 2
Total lengde rundtur (km) 5
Stigning meter grader
Total stigning 257 Høydemeter