Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Syltnebba- frå Surnadalsøra

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6,6 km

Lengde en vei (km)

3,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Idyllisk opp Øralia.
Frå skogsvegen får du utsyn over Surnadalsøra.
Bygda sett frå Setersetra.
Toppen av Syltnebba.
Utsikt utover fjorden.

Syltnebba- frå Surnadalsøra

Fotograf: Norunn holten

Kvifor gå denne turen?

 Dette er kanskje det gauaste rutevalget viss du vil gå til Syltnebba i Surnadal. Ruta er fin og tørr og snor seg oppover lune stiar i Øralia. Du passerer stølen der Setersetra låg tidlegare, og får panoramautsikt over bygda og fjorden når du kjem over tregrensa. Ruta vi her presenterer, følgjer den såkalla Tølløvstien, ein gammal sti som folk på Øra har bruka når dei har hatt ærend på Setersetra. Sommaren 2017 var det skogsarbeid i nedre del av ruta. Resultatet av dette arbeidet er at det no eit stykke er relativt ny skogsveg, og ein mykje flottare utsikt enn før skogen vart felt.

Du finn også ei anna rute opp til turmålet ein annan plass her på morotur. Da er det startpunkt øvst i Rognpilvegen.

Kvar i terrenget går turen?

Start på Surnadalsøra der den austre vegen opp mot bedehuset tek av. Gå oppover denne vegen, men ta av til venstre rett før du kjem fram til bedehuset. Du fortsett da forbi det øvste huset på Øra og skrår deg vidare oppover og utover lia. Gå oppover etter den nye skogsvegen til du passerer ein bekk og det flatar ut litt. Her følgjer du skiltinga og svingar til venstre inn på den gamle skogsvegen snor seg vidare oppover. Så følgjer du vegen fram til neste bekk, Seterbekken, der vegen endar i en jorddunge. Her tek du stien, kjent som Tølløvstien, oppover mot Setersetervollen. Du har heile tida bekken og lyden av han utanfor deg når du svingar deg oppover lia. Stien er tydeleg heilt fram til Setersetervollen. Der er som sagt alle seterbygningar no borte, men det er reist ei hytte i framkant av vollen. Gå i skråninga rundt vollen på austre side og vidare etter godt synleg sti til Syltnebba. Ikkje langt frå Setersetra går stien heilt inntil to hytter som du passerer. Gå til høgre for den første og til venstre for den andre, som har valma tak.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr til Surnadalsøra og dit den austre vegen opp mot bedehuset tek av. (Viss du kjem frå Setergarden, har du da berre passert fire hus på øversida av vegen etter at du kjem til sjølve Øra.) Parker på det opne arealet ned mot hovudvegen, ca. 5 meter nedanfor det raude huset.

Kvar kan du parkere?

Parkering på lunningsplass ved startpunktet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,5
God sti 5,1
Lengde tur/retur (km) 6,6 km
Lengde en vei (km) 3,3
Stigning meter grader
Total stigning 655 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Kart

Friluftskart for Surnadal