Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Syltnebba- frå Rognpilvegen

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

8,2

Lengde en vei (km)

4,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Du passerer skihytta på tur oppover lia.
Sentrum i Surnadal sett frå Syltnebba.
Utsyn i retning Sjæasætervatnet og Strengen.
Toppen av Syltnebba.
Syltnebba er eit sentralt turmål i Surnadal med god utsikt over fjorden nedre delar av dalføret.

Syltnebba- frå Rognpilvegen

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Toppen av Syltnebba er eit sentralt og vakkert turmål 667 meter over Surnadalsfjorden, og det finst mange ruter å velje mellom opp mot målet! Vi vil anbefale traseen som er skildra her fordi startpunktet ligg så sentralt at mange som bur i sentrum slepp å sette seg i bil for å koma dit. Ved startpunktet er det også ein rommeleg parkeringsplass på kommunal grunn slik at dei som må køyre, ikkje treng ottast for at bilen står i vegen for nokon medan dei er ute på tur. Første del av turen går etter grusveg, medan siste del går etter sti. Stien er ikkje merka, men er såpass markert at det er lett å følgje han. Du er nemleg ikkje åleine om å ville gå på Syltnebba…. Dette er ein tur som passar like godt til søndagstur med familien som ein rask trimtur ein ettermiddag!
Når det er klårver, kan ein frå toppen av Syltnebba få fullt overblikk over Surnadal frå fjorden og langt oppover dalføret. Nærliggande fjell er Skjenna, Litlstrengen og Strengen. Dit kan ein også forlenge turen, om ein ønskjer det. Prøv også ein tur til Syltnebba frå Surnadalsøra. Turbeskriving finn du ein annan stad her på morotur.no.

Kvar i terrenget går turen?

Du startar øvst i Rognpilvegen ved den kommunale parkeringsplassen på øversida av vegen der Beitvegen startar. Gå oppover Beitvegen (skogsveg) til den deler seg. Ta til høgre og fortsett oppover etter grusvegen. Etter ca. 0,7 km kjem du til ein bom. Denne må du passere før du fortsett oppover etter grusvegen. Etter ca. 2,7 km, kjem du til «Skihytta». Der deler vegen seg igjen. Ta til høgre og fortsett til enden av vegen og du har toppen av alpinbakken rett forut. Da tek du av innpå ein sti på øversida av vegen. Fortsett etter denne til toppen av Syltnebba.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Viss du ikkje er lokalkjent, kan du ta utgangspunkt i Amfisenteret i sentrum av Surnadal. Køyr oppover Modalane i krysset som ligg rett ovanfor senteret og følj vegen fram til bygdas einaste rundkøyring. Her fortsett du rett fram etter Grytvegen, men svingar til venstre i første kryss etter rundkøyringa. Her kjem du inn på Rognpilvegen. Startpunktet for turen ligg på øversida av vegen der Beitvegen startar, før Rognpilvegen begynner å svinge seg ned mot Grytvegen igjen. Her ligg det ein romsleg, kommunal parkeringsplass der du kan parkere gratis.

Kvar kan du parkere?

Gratis parkering på kommunal parkeringsplass ved startpunktet. Det er også muleg å køyre litt lenger med bil om ein absolutt vil korte ned på turen. Ca. 10 minutt gange innover grusvegen er det ein bom, og hitafor den er det ein lunningsplass somme parkerer på. Vi veit ikkje kor ofte denne lunningsplassen er i bruk, og korleis grunneigar stiller seg til at det blir parkert der.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3,5
God sti 4,7
Lengde tur/retur (km) 8,2
Lengde en vei (km) 4,1
Stigning meter grader
Total stigning 560 Høydemeter

Offentlig transport

Dei som bur sentralt i Surnadal kan gå heimanfra, men det er ikkje kollektivtilbod fram til startpunktet.

Mobildekning

Ja.

Kart

Friluftskart for Surnadal