English

Syltedalen - Skjevatnet - Kilebrekka - Syltedalen

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein middels lang dagstur, der ein kan få med seg fine opplevelsar som kulturlandskapet rundt Årstøylen, den varierte kalkgrunn-og olivinfloraen i Raudesanden, fiske langs Skjevatnet, utsikta over Småhorna og Nonsegga til Middagshornet, og til slutt ende opp der ein starta turen ved Støylsvatnet i Syltedalen. Heile turen går ein på merka rås. I Raudesanden er det eit eldorado for steinsamlarar og geologiinteresserte, sidan der er store forekomstar av glimmer, olivin, eklogitt og kvarts. Ein kan også finne fine peridotar om ein leitar litt. For dei botanisk interesserte fins det også ein del godbitar. Området er klassifisert av Direkroratet for naturforvaltning som svært viktig (type A). På dei fuktige områda veks det brunburkne, vårmarihand, nattfiol, skogmarihand, mykje gulsildre, svarttopp, hengjeaks, kranskonvall og liljekonvall. Langs elva som renn ned i Syltedalen er det svært rik vegetasjon med m.a. raudsildre, gulsildre, svarttopp, loppestorr, slirestorr, heistorr, stjernestorr, rusiv, fjellsmelle og fjelltistel. Spesielle artar: Den sjeldne olivinspesialisten brunbrukne er raudlista (R – sjeldan). På dei tørrare områda finn ein artar som aurskrinneblom (nasjonal ansvarsart), fjellarve, fjelltjæreblom og strandsmelle. Rundtur. Alternativt å gå over fjellet frå Syltedalen til Gusdal eller omvendt.

Ruteskildring

Denne rundturen går gjennom variert terreng, frå Syltedalen, opp Skåra, langs Skjevatnet, opp Ørnetua, vidare langs Småhorna og Nonsegga til Middagshornet med flott utsikt. Til Kilebrekka går ein Moldeggane attende på lett og fin rås. Turen frå Årstøylen går over til Åheimssida opp Skårabakkjen og langs Skjevatnet. Råsa langs Skjevatnet er til dels ujamn, sidan mykje av den går i grov ur. Her må ein passe litt på kvar ein trør. Råsa er godt merka heile vegen. Når ein har kryssa Skjevatnosen, går turen oppover til Ørnetua i noko myrlendt terreng. Opp mot toppen og vidare utover er råsa hard og god å gå på. Flott utsikt langs heile eggen! Når ein har passert Sætrevatnet, går turen vidare til Kilebrekka der ein fylgjer vegen ned til startpunktet.

Tilkomst og parkering

Ein startar på Syltedalen ved Støylsvatnet. Vegen går lenger fram, men lenger framme er det ikkje så enkelt å parkere om ein har bil. Gå bilvegen rett fram til siste huset i dalen, heilt til endes, før ein kjem inn på merka rås. Ein kan sjølvsagt velje om ein vil gå turen frå Gusdalen (osen på Skjevatnet) eller frå Kilebrekka. Parkering ved Støylsvatnet der Kilebrekkvegen startar.
Fottur
Blå
Lengde
9,3 km tur/retur
Stigning
635 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,5

Offentleg transport

Ingen offentleg transport. EIn kan gå fram på Syltedalen frå Syltefjorden.

Anna

Råsa opp frå Syltedalen og ned ved Skjevatnosen er den gamle ferdelsåra mellom Åheim og Syltedalen.

Kart

Turkart Vanylven
Køyreskildring
Print ut