Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Svorka og Bjorvollen

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Løa ved Bjorvollen.
Du parkerer like før du kryssar elva.
Stopp for å beundre bygningane i Svorka.

Svorka og Bjorvollen

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Dei erverdige, gamle stuebygningane i Svorka er høgdepunktet på ein fottur inn til Bjorvollen i Bøverdalen. Dette er staden som er opphav til dei mange humoristiske Svorkahistoriene som enno lever på folkemunne i Surnadal. Vegen innover går i lett terreng med relativt lite stigning, og her kan ein både gå, sykle og trille med barnevogn. Under den gamle løa på Bjorvollen er det bord og sitteplassar under tak der ein kan nyte ein eventuell matpakke før ein vender heim att. Turen er passe til ein trimtur på ettermiddag, eller ei søndagsutflukt med dei minste. Bygningane i Svorka fortel om ei svunnen tid og ein heilt annleis kvardag enn den vi lever i no, og gjer turen til eit mål det er verdt å besøkje for dei fleste.

Kvar i terrenget går turen?

Køyr oppover Bøverdalen til du har passert Holten treindustri på høgre side av vegen og køyrt gjennom eit gardstun. Ta av til høgre etter at du har passert enda eit hus på høgre handa. Parker ved uthuset på andre sida av ekra. Følj skogsvegen innover forbi husa i Svorka og vidare inn til Bjorvollen. Under løa på høgre side av vegen kan du raste før du går tilbake.

Kulturminne

Svorka: Gammel gard og tidlegare postopneri. Dei samanbygde våningshusa på garden brann i 1918, og to nye bygningar vart reist i staden. Dei står no som to av kommunens få bygningar med solbrent bordkleing og er vitnesbyrd om solide handverkstradisjonar. Mange kjenner til Svorka på grunn av dei mange, gamle «Svorkahistoriene» som enno verserer i bygda. Svorkahistoriene er humoristiske historier som omhandlar folk, hendingar og bygningar i Svorka.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Svorkbrua i Bøverdalen

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Svorkbrua

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2,9
Traktorveg 2,9
Lengde tur/retur (km) 5,8
Stigning meter grader
Total stigning 113 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja, Netcom heile vegen, med Telenor manglar eit lite stykke.

Spesielle forhold

Bæverfjord i.. har trimbok ved Bjorvollen.

Kart

Fjordruta, men kart eigentleg ikkje nødvendig