Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,6 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På tur opp gammelvegen frå Svinvika.
Her gjekk det faktisk bussar før i tida!
Tilbake til Svinvika!
Flott utsikt frå dei høgaste partia av vegen.

Svinvikrunden

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Har du ikkje allereie vore der, bør du ta med familien på ein tur til Svinvika! Her kan de ta ein rundtur til fots etter gammelvegane inn til Todalen- ein tur som vil gi opplevingar for både store og små. Dei store kan la seg fascinere av den fantastiske utsikten eller det sparsommelege rekkverket som i tidlegare tider skulle verne trafikken mot stupa nedanfor vegen. Dei yngre er kanskje like begeistra over lamaane som beitar på ekrene attmed vegen i Svinvika. Etterpå kan heile familien nyte ein tur rundt om i dei mange stemningsfulle stiane i Svinviks arboret- før kanskje turen endar på kafeen i arboretet, som er open i sommarsesongen. Her blir dei besøkjande møtt med dufta av fersk heimebakst i døra- arboretet sine eigne spesialitetar med bruk av råvarer frå eigen produksjon.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved parkeringsplassen på øversida av vegen ved Svinviks arboret. Herifrå følgjer du den skilta vegen inn i skogen og skrår deg opp- og innover lia. Dette er den eldste bygdevegen innover mot Todalen. Det er stigning det første stykket, sidan flatt og nedovebakke. På nedturen kjem vegen du følgjer, inn på ein grusveg som går opp til Hjellnes. Denne vegen følgjer du vidare nedover ned til gammelvegen (asfaltert) til Todalen. Ta til høgre og følg gammelvegen langs sjøen tilbake til Svinvika.

Kulturminne

I Svinvika møtest vegar frå tre århundre. Du kan gå ein rundtur opp om den eldste gammelvegen, og tilbake langs sjøen etter den «nyaste» gammelvegen. Den eldste gammelvegen inn til Todalen er svært smal og snor seg høgt oppe i lia, og fortel om veg- og trafikkforhold som hadde vore utenkjelege i dag. Vi ser støttemurar, stabbestein og anna autovern frå tida vegen var i bruk.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ved parkringsplassen ved Svinviks arboret.

Kvar endar turen?

Som startpunkt

Kvar kan du parkere?

Inga parkeringsavgift, men hugs pengar til inngangsbillett dersom du har tenkt deg inn i arboretet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2
Fast grus 0,6
God sti 2
Lengde tur/retur (km) 4,6 km
Stigning meter grader
Total stigning 120 m Høydemeter

Offentlig transport

Det går få bussar inn til Todalen, så her lønner det seg å satse på privatbil.

Mobildekning

Det er dårleg/varierande mobildekning i Svinvika.

Spesielle forhold

Det er open både kafe og toalett ved arboretet i sommarsesongen. I arboretet er det dessutan ca 1,5 km med stiar rundt om i den botaniske hagen. Stisystemet er ei oppleving i seg sjølv, og du treng ikkje prøve å peile inn veka da «alt» blomstrar, for her står noko i blomstring heile tida. Arboretet er nok mest kjent for sine mange, vakre rododendron, men det er også mange andre planteartar å sjå i hagen.

Kart

Ikkje nødvendig