Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot sør, Morkavatnet nærmast, så ser vi Nyksvatnet, Syvdsfjorden og fjella i Vanylven.
Utsikt mot vest, frå venstre: Stadtlandet, Kvamsøya, Voksa, Riste og Sandsøya.
Svedevatnet og Svedehornet.
Solnedgang over skodda,toppane vi ser er frå venstre: Stadtlandet, Rinden og Signalen, Nupatinden, Hornet og Grøntua, Gjøna.

Svedehornet

Kvifor gå denne turen?

Turen til Svedehornet er ein lett tur der du får flott utsikt ut mot havet og mot Sandsøya, Riste, Voksa og Kvamsøya. Du ser også inn Syvdsfjorden og fjella i Vanylven. Larsnes IL har trimpost på Svedehornet.

Kvar i terrenget går turen?

Turen byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp til kvilesteinen, når du har passert kvilesteinen og kjem opp på kanten deler råsa seg, du tek då til høgre og går råsa som går søraustover etter fjellryggen til du kjem til foten av Svedehornet, då tek du til høgre og går bratt opp dei siste 80 meterane til toppen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Drageskaret på fv 61 mellom Larsnes og Gursken.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på toppen av Drageskaret

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,8
Lengde tur/retur (km) 2,8 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 80 20
Bratteste helning ned 80 20
Total stigning 250 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, sunnmorskart.no