Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4

Lengde en vei (km)

2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Svartevatnet

Fotograf: Ruth Janne Vinje

Kvifor gå denne turen?

Lett tur frå Gjerdsstølen i lett hellande terreng gjennom ope landskap. Fin familietur. På veg fram ser du m.a mot Lauparen i nordaust og Storfjorden i vest. Svartevatnet ligg idyllisk plassert, omkransa av høge fjell på tre kantar, med toppane Midmorgonshornet (962 moh) og Heimste Skorkja (1322 moh). Muligheiter for bading. Ved Svartevatnet kan du m.a. fortsette på høgre side ved vatnet og sjå eit flott oppmura naust som glir fint inn i terrenget.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkering på Gjerdsstølen går du mot elva, tar til venstre og følgjer råsa ca 300 meter fram til bru. Fortsett over brua og følg råsa framover på høgre side av elva. Minimal stigning i første halvdel av turen og lett stigning på slutten. Enkelte parti med myr.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I vegkryss på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til venstre og fortsett vidare om lag 1,5 km til krysset mot Ødegård. Ta til høgre og etter 150 m kjem du til bomveg (kr 30,-). Fortsett om lag 1,5 km til Gjerdsstølen, som er eit kosleg stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen.
Alternativ start til turen er å parkere der bomvegen startar ved Ødegård og gå fram til Gjerdsstølen. Grusveg omlag 1,5 km.

Kvar kan du parkere?

Gjerdsstølen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 2
Stigning meter grader
Total stigning 211 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Mobildekning

Delvis

Kart

Kart Ørskogfjellet