English

Svartetua - frå Eidså (842,5 moh)– rute 18-19 – god utsikt og gåtefulle kulturminner

Vanylven

Kort om turen

Svartetua er det høgste punktet melom bygdene Syvde, Eidså og Fiskå og byr på god utsikt i fleire himmelretningar. Frå Eidså via 4H-hytta til Svartetua er ein tur i jamt over lettgått terreng der starten er på kjerreveg og ein etter kvart går over til å gå på rås (sti) i terrenget. Opp til 4H-hytta (300 m.o.h) som alltid står open er det svært lett og familievennleg terreng og lett å finne vegen. Etter kvart blir det litt tyngre og brattare, med bakkane opp Storevass-skaret som tyngste og brattaste parti. Det som blir rekna som toppen av Svartetua er den vesle fjellknausen som stikk opp i eit elles rimeleg flatt platå litt vest for sjølve toppen av fjellet. Frå 4H-hytta og opp til toppen av Svartetua er det merka med blå merkepinnar eller blå merke i terrenget. Alternativ rute til Svartetua er Blåfelden rett opp http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Blaafelden-rett-opp-rute-54 Då kjem ein opp på det høgste partiet på platået. Der er det skilta både mot Svartetua og Blåfelden. Svartetua ligg vel 200 meter sørvest for dette skiltet.

Ruteskildring

Ein startar turen ved å gå i retning Svartetua og 4H-hytta. Det er traktorveg/opparbeidd brei rås (sti) heilt opp til 4H-hytta. Etter dette er det jamt over bra tydeleg rås. Etter kvart kjem ein opp til dei to Taksetvatna. Råsa (stien) går på ein morenerygg mellom Lisjevatnet og Storevatnet. Lisjevatnet og Storevatnet ligg i kvar sin botn som er utgravd av botnbrear. Det er mange slike botnar i Vanylven og dei fleste av dei er nord- eller nordvest-vende. Botnen som Storevatnet ligg i er ein av dei største og flottaste botnane i Vanylven. Tyngste partiet er opp Storevass-skaret. Når ein kjem opp på kanten av fjellplatået er det fast og lettgått underlag fram til toppen av Svartetua.

Tilkomst og parkering

For å finne starten på råsa (stien) køyrer ein frå Eidså og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til høgre og inn på den gamle riksvegen. Der køyrer ein vel 400 meter før ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta. Rett før vegstasjonen er det ein skarp sving til høgre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei første skilta i retning Taksetnakken. Det kan ofte vere vanskeleg å parkere ved startpunktet for turen, så det kan difor løne
Fottur
Rød
Lengde
5,00 km en vei
Stigning
776 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Høyeste punkt
830 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut