Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sunniva si rute til Dinglavatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

7 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Engesetgeila
Mot Melshorn
Retur mot sentrum
Turmålet ved Dinglavatnet

Sunniva si rute til Dinglavatnet

Fotograf: Beko/Pel

Kvifor gå denne turen?

Dinglavatnet (med Turnhytta/Melshornet) er det vanlegaste fjellturmålet for sentrumsinnbyggarane i Volda.

Frå gamalt av var det god sti frå Håmyra og opp på fjellet, men etter at kommunen og grunniegarane bygde skogsveg til Dinglavatnet (i samband med utviding av Volda Vassverk) er der no grusa veg til Dinglavatnet/Turnhytta (med god sti vidare til Melshornet 807 moh; grensefjellet mellom Volda og Ørsta )

Like før du kjem til demninga ved Dinglavatnet finn du turkassa der du ka skrive deg i boka som Sunniva held styr på. Av dette kjem namnet på ruta

Kvar i terrenget går turen?

Sunniva si rute startar ved losjehuset til Frimurerlosjen i Engesetvegen. Går derifrå mot Gamletunvegen og inn på Kleppevegen. Følg denne til Engesetgeila, som tek deg til Håmyra. Derifrå på sti nordover mot skogsvegen til Dinglavatnet. Følg denne via Prestesætra og Røyshytta til målet.

Kulturminne

Prestesætra,
Røyshytta, med Røyshyttebakken, der det er sett opp ein minnestein over "dei falne i Røyshyttebakken",
Volda Turn og Idrottslag si lagshytte "Fjellheim"

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Denne ruta startar ved losjehuset til Frimurerlosjen like ved Volda vidaregåande skule. Du kan også starte turen frå enden av Raudemyrvegen, der skogsvegen eigenteg startar frå.

Kvar endar turen?

Dinglavatnet og Turnhytta (med sti vidare mot Melshorn)

Kvar kan du parkere?

Engesetvegen v/Volda vidaregåande skule

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2
Fast grus 4
God sti 0.9
Lengde tur/retur (km) 7 t/r
Stigning meter grader
Total stigning 510 Høydemeter

Spesielle forhold

For rullestol og barnevogn må ein starte frå bommen der Raudemyrvegen sluttar og skogsvegen startar

Kart

Sunnmørsalpane