Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

10,4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

God utsikt over Sunnmørsalpane frå toppen
Folksomt på toppen, til venstre ser vi Austefjorden gøymer seg bak Middagshornet/Nonshornet.
Ruta sett frå parkeringsplassen, frå den toppen streken stoppar på er det ca 1,3 km til toppen av Sunndalsnipa
Sunndalsnipa, når du er komen opp på platået har du ca 1 km å gå bort til toppen

Sunndalsnipa

Kvifor gå denne turen?

Sunndalsnipa er den tredje høgste toppen i Volda kommune og den har ei fantastisk utsikt i alle retningar. Sunndalsnipa har eit 1 km langt flatt platå på toppen, vi kjem opp på sørenden (1366 moh) men høgste toppen (1396 moh) ligg på nordenden. Sunndalsnipa er ein av dei finaste vårskiturane i Volda.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen på fv 42 går du ca 250 m nordover Grøndalsvegen (til demninga på Grøndalsvatnet) og tek til høgre opp mellom nokre hytter og går på austsida av Litlevassdalen til du kjem oppå ryggen og går den mot nordvest opp til topp-platået og går det den siste kilometeren bort til toppen. Brattaste partiet på turen har ei helling på ca 30 grader og ligg på ca kote 1000.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå vest; E39 frå Volda mot Grodås, ca 25 km, Frå aust E39 frå Grodås mot Volda ca 10 km, ta av i vegkryss mellom Eidsnakktunnellen og Kvivstunnellen skilta mot Osdalen, køyr ca 500 m og ta til venstre på fv 42 skilta mot Nordfjordeid og køyr ca 10 km og parker på parkeringsplass ved vegen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på austsida av fv 42.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 10,4
Lengde tur/retur (km) 10,4 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 80 30
Bratteste helning ned 80 30
Total stigning 1000 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

M711 1219 III, M711 1318 IV, sunnmorskart.no