Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6 km

Lengde en vei (km)

3 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Godt merka ved starten av turvegen
Her går ein av traktorvegen og inn på merka turveg
Stien går rett bak løa
Nydelig utsikt
På toppen

Sulebakkhornet

Fotograf: Mariann Barstad

Kvar i terrenget går turen?

Følg kjerrevegen opp mot gardane på Sulebakkane. Like før du kjem til første garden står eit skilt med Turveg, følg denne. På første garden bur Nils Storås, kjent frå «Der ingen skulle tru….». Følg vegen vidare til venstre og neste gard, Sulebakkane. Etter denne garden går ein over på rås og denne kan vere våt og tidvis glatt. Ta difor på gode sko, med god såle. Følg god sti til du kjem til ei raud hytte, akkurat over tregrensa. Den mest brukte råsa vidare til Sulebakkhornet går rett til høgre for og bak hytta. Frå hytta går ein ganske bratt opp fjellsida og på toppen er fleire vardar. Registreringsbok er ved den største varden til venstre når du kjem opp.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Utgangspunktet er frå Sulebakkane. Ta av frå Sulavegen på bakketoppen før ferjekaia Sulesund-Hareid, og følg Nøringsetvegen i ca 2 km. Ein ser skiltet merka turveg Sulebakkene på høgre side. Gjer merksam på at der er få parkeringsplassar og dei er private, så på store utferdsdagar må ein nytte parkeringsplassane ved Sulesund ferjekai eller ved enden av Nøringsetvegen. Turen vert da ca 2 km lenger. Om du tek med sykkel så går turen langs vegen raskare

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,2
God sti 2,8
Lengde tur/retur (km) 6 km
Lengde en vei (km) 3 km
Stigning meter grader
Total stigning 660 Høydemeter

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000