Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

7,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsyn ned mot Nordvik.
På kanten av stupet.
Her startar du!
Fantastisk utsikt frå toppen av Sula.

Sula

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Drøymer du om å stå på ein høg topp og speide ut over fjellheimen? Vil du oppleve ein topptur utan å måtte gå heile dagen for å nå målet? Da kan Nordviksula vera det rette turmålet for deg. Køyrer du Blomlivegen på Nordvik til endes, kan du på relativt kort tid nå opp til Ytre Sula og fantastiske 1318 meter over havet! Her har du vidt utsyn over Trollheimen, men også grender og landskapsformasjonar kring nordmørske fjordarmar. Her ser du til dømes Nordvik, Nesøya og breibygda i Surnadal. Ein stans ved Suloppkommet er eit høgdepunkt på turen. Det er også bratte stup og vandring i steinlandskap.
Sula har som kjent to toppar, og det er ein tur til den ytste av desse som her blir beskrive. Den inste Sultoppen er høgast av dei to, men sine 1325 meter over havet. Det er sjølvsagt muleg å forlenge turen hit når ein først er komen til toppen av den ytste Sula. Ein kan da gå etter eggen mellom dei to toppane. Visst ein vil til den indre Sula, kan ein også gå frå Kvenndalen.
Det er ofte vanskeleg å anslå kor lang tid ein tur tek. Dette avheng jo av fysisk form, kor lang eller gammel du er, og om du er ute etter å trimme/trene eller ha ei fin turoppleving. Rimeleg spreke karar anslår 1,5 time som høveleg tid for å gå frå parkeringsplassen og opp på Sula. Mange vil nok seie dette er alt for kort tid. Skal ein samanlikne med andre turar, er ein tur på Sula mindre tidkrevjande enn ein Knyktur, men den er nok likevel meir krevjande fordi den er brattare. Dei som når toppen, vil nok likevel tykkje turen opp var sveitten verdt!

Kvar i terrenget går turen?

Køyr til Nordvik og sving av inn på Blomlivegen, ein bomveg som startar på øversida av vegen rett ovanfor Nordvik Forsamlingshus. Køyr til enden av vegen. Gå over demninga og fortsett etter stien på andre sida. Den første delen av turen går i myr, og er derfor relativt tung (ikkje minst i år med mykje nedbør). Når du seinare kjem opp i rabbane, blir underlaget fastare, og det blir lettare å gå. Dette trass i at det da blir meir stigning. Når du kjem opp frå myra, er også merkinga av stien meir tydeleg. Mot slutten går turen gjennom stein og ur, og det er da berre dei raude merkingane som viser traseen. Ver merksam på kvar den siste raudflekken før toppen er, slik at du finn tilbake til stien når du skal gå ned igjen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Enden av bomveg/Blomlivegen.

Kvar endar turen?

Toppen av Nordviksula/Ytre Sula

Kvar kan du parkere?

Det er plass til å parkere ved startpunktet. Unngå parkering på snuplassen!

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,4
Myr 3
Lengde tur/retur (km) 7,4
Stigning meter grader
Total stigning 900 Høydemeter

Offentlig transport

Her er det nok lurast å satse på privat skyss.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

• Hugs bompengar
• Partia med stein og ur på slutten kan gjera turen vanskeleg for folk med enkelte typar skadar i føtene.
• Turen er merka etter nasjonal standard.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000) eller topografisk kart «Snota» (1:50 000)