Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Storvasshytta frå Overøye

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Skitur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

12 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Storvasshytta
På veg mot Storvasshytta. Ved Fokhaugstova

Storvasshytta frå Overøye

Kvifor gå denne turen?

Turen til Storvasshytta frå Overøye er ein fin skitur for alle. Det kan vere noko langt for dei aller minste. Målet kan då vere Fokhaugstova, som er 2 km (jamn motbakke) frå parkeringsplassen (Kvitlane-Langsætrane). Fokhaugstova er låst med DNT-nøkkel etter at Ålesund-Sunnmøre Turistforening har inngått bruksavtale med eigarane Ruth og Jan Helland. DNT-delen er i en egen fløy med inngang på baksida. Dette er ei fullverdig ubetjent hytte.

Turen til Fokhaugstova egner seg godt til tur med barn og eldre. Det er fint turterreng innover dalen, og toppane i området kan gjerast luftige for dei som likar det. Det er fisk i elva og vatnet oppe i dalen.

Vinterstid finn du preparert skiløype utanfor døra og muligheit for flotte toppturar på alle kantar! Området er blant det mest snøsikre på Sunnmøre.

Fra Fokhaugstova og til Storvasshytta er det ca 3,5 km. Hytta er open for alle, ikkje berre stordalingar. Hytta ligg i eit område som grensar til tre kommunar. Ikkje langt unna finst overgangar både til Valldal og Innfjorden og ei anna open hytte, “For fattig og rik”. På Storvasshytta kan den som vil låne båtar og fiske på vatnet og nytte hytta for å lage mat og overnatte. Om ein vil betale, er opp til den einskilde.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Enten parkeringsplassen på Overøye (ved alpinbakken) eller ved den nye parkeringsplassen på Kvitlane-Langsætrane. Parkering kr. 50,- (automat).

Kvar kan du parkere?

Overøye evt. ved Langsætrane. Parkering kr. 50,- (automat).

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 12
Lengde tur/retur (km) 12 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 12
Bratteste helning ned 50 12
Total stigning 250 Høydemeter

Offentlig transport

Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, frammr.no

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

Inntegnet på turkartet Romsdalen i 1:100 000 fra Ugland It Group AS og Norge 1:50 000 Valldalen 1319-4 (2010) fra Statens kartverk