Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

11

Lengde en vei (km)

5,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Storvasshytta

Fotograf: Frode Færøy

Kvifor gå denne turen?

Turen til Storvasshytta er ein fin tur på om lag ein times gange frå Langsætrane. Ein overkomeleg og flott tur for liten og stor. 5,5 km jamn stigning. Dette er ein særs populær tur både til fots og på ski.
På Storvasshytta kan du overnatte. Hovudhytta har stue, soverom, enkelt kjøkkenutstyr og vedfyring. I annekset kan du også overnatte. I naustet ligg det to båtar og fiskegarn som alle kan nytte. Alt er ope og tilgjengeleg for deg og dine venner.
Frå Storvatnet kan du m.a gå vidare rundt Kamben til Litlevatnet eller Bøstølen, til Espedalen eller over til Myklebustsætra i Valldal.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa startar til høgre for elva og held fram langs elva eit stykke innover. Vidare blir det lett stigning og du går over brua over Ådalselva. Fortsett turen rett fram med elva eit stykke til venstre for deg og når du kjem fram til Storvatnet er det bru over elveosen til Storvasshytta.
På heimveg kan du ta same ruta, eller velge å gå på andre sida av elva. Råsa kan vere litt utydeleg over myrlendt område til Elvabytet. Bru over elv frå Litlevatnet. Her kan du sjå Trollkyrkjegarden på venstre side. Ved Fokhaugstova kan du velge å gå til venstre over brua og fortsette ned mot Kvitlene, eller gå vidare mot Pusken.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett forbi skitrekket og ta til venstre mot Kvitlene etter omlag 1,3 km og køyr over brua. Gode parkeringsforhold ved brua eller øvst på stølen der turen startar. Parkering kr 50,- (automat).

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 11
Lengde en vei (km) 5,5
Stigning meter grader
Total stigning 204 Høydemeter

Offentlig transport

Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, frammr.no

Kart

Kart Ørskogfjellet