English

Storklauva, Julsundet

Aukra

Kort om turen

Ein fin tur med utsikt over Julsundet, Oterøya, Gossen og ute i havet Sunnmørsøyane, Ona, Bjørnsund, Bud osv. Ta gjerne turen ved solnedgang og/eller soloppgang!

Ruteskildring

Parker ved gamleskulen (Fanghol). Gå ca. 300 m i retning Molde, gjennom vegskjæringa til Hola. Følg grusa sti frå infotavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen oppover til du er på toppen av den bratte bakken. Fortsett rett frem forbi demninga og videre setervegen oppover til Fangholsetra. Her er det fint med ein liten pause. Videre tar du stien nord-austover. Det er ein tydeleg sti i terrenget, delvis tilrettelagt, noko blaut enkelte stader. Utsikta er fantastisk og ein kveldstur kan anbefales! 

 

Det er flere andre alternativ ruter til Storklauva: Alt. 1 om Svartnakken: På toppen av den bratte bakken tar du til venstre frem til Gammelsetra. Gå så til høgre til Svartnakken. Tørr fin sti i terrenget. Etter toppen av Svartnakken fortsett austover etter ryggen til du kjem til Klauvsdalen, siste delen er noe blaut. Gå traktorvegen noen meter til venstre, ta så til høgre, skilt til Storklauva. Stien er godt synleg. Oppe i skaret tar du til høgre etter ryggen opp til Storklauva. Stien går i terrenget, noe fjell og myr så den kan vare blaut og sleip. Alt 2 om Pettermyra: Gå fra toppen av den bratte bakken på seterveien til etter dammen.Her tek du til venstre, skilt Pettermyra. Følg traktorvegen til Klauvsdalen, her kjem du til stien frå Svartnakken. Følg samme sti til Storklauva. Denne turen kan gås fra alle tre alternativa. Du kan gå samme veg tilbake som du kom, eller ta ein rundtur. 

Tilkomst og parkering

Turen startar i Hola ved infotavla. Parkering ved Gamle Fanghol skule. Gamleskulen i Julsundet, ingen parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
2,57 km en vei
Stigning
267 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
297 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 1

Offentleg transport

Aukra Auto, Atlanic Auto

Kart

Kartserie 711 Kartblad 1220 - i Hustad. Kart over Julsundmarka.
Køyreskildring
Print ut