Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

8,8

Lengde en vei (km)

4,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mosætra. Utsikt ned mot Stordal.
Mohornet med Storheimshornet i bakgrunnen.
Utsikt frå Storheimshornet.
Storheimshornet er den høgaste toppen på bildet.

Storheimshornet

Kvifor gå denne turen?

Storheimshornet er ein karakteristisk fjelltopp ein ser fram i Stordalen, over Storheim. Frå sjølve toppunktet er ikkje utsikta så bra, men går ein litt lenger fram på kanten, viser det seg ei flott utsikt over Stordal og Storfjorden. Også frå Mosætra og Mohornet er det bra utsikt. Første del av turen går mykje i skog, så ein ser ikkje så mykje.

Kvar i terrenget går turen?

I byrjinga av turen er eit ganske kort stykke med traktorveg. Råsa deler seg i to alternative ruter. Her er beskreve den med brattast stigning, ein tek då til venstre (sjå etter skilt). Bra rås gjennom lauvskog opp til Mosætra, 450 m.o.h. Ein finn att råsa bak den øverste hytta mot Moheia. Det er stigning opp gjennom skogen, før det flatar ut på Moheia. Her er det litt myr. Råsa mot Mohornet kan vere vanskeleg å finne, men det går heilt fint å enten gå rett på, eller finn ei slakkare oppstigning. Mohornet ligg på 883 m.o.h., og derifrå tek ein mot nord-vest til Storheimshornet på 1048 m.o.h. Turkassen finn du på utsiktspunktet/varden nokre hundre meter lengre ned i retning Stordal sentrum/ Storheim.

Kulturminne

Mosætra. Gammal støl.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start ved Mo bedehus, ca 5 km frå Stordal sentrum. Råsa startar på motsatt side av vegen (mot nord) på skogsveg forbi ei raud løe.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Mo bedehus.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6
Dårlig sti 2,8
Lengde tur/retur (km) 8,8
Lengde en vei (km) 4,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 15 35
Total stigning 980 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet