English

Storhaugen

Surnadal

Kort om turen

Turen til Storhaugen er ein rundtur som passar dei fleste. På toppen er det benk der du kan nyte utsikten over bygda medan du tek ein kaffekopp. På turen ned får du utsikt oppover bygda. Siste delen av turen går langs elva Toåa. Ved elvekanten er det ein triveleg rasteplass med gapahuk, bålplass og sandstrand med bademulegheiter.

Ruteskildring

Start ved Todalshytta. Følj merka løype mot Innerdalen om Snekkardalen fram til lunningsplass med skilting «Storhaugen», ca 1,3 km. Følj skiltinga vidare mot toppen av Storhaugen. På toppen kan du nyte den fine utsikten utover Todalen. Deretter kan du velje å gå same veg ned igjen, eller du går ein rundtur ved å følje skilting til Bruset. Turen ned frå Storhaugen mot Bruset kan opplevast som bratt dei først metrane. Resten av nedstiginga er etter grei sti. Vel nede følgjer du asfaltert veg nokre hundre meter fram til info-tavle i vegkanten. Ta av vegen til høgre, og følg skilting ned mot elva. Stien passere ein gapahuk ved elvekanten. Resten av turen følgjer elva mot Bruset og tilbake til Todalshytta.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Todalshytta.

Fottur
Blå
Stigning
325 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
302 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 4

Offentleg transport

Nei

Anna

Turen er merka og skilta. Delvis sleipt underlag ved vått vèr. Husk å lukke grinder etter deg!

Kart

Fjordruta, men ikkje nødvendig.
Køyreskildring
Print ut