English

Storetua

Sande

Kort om turen

Storetua er nest høgste fjellet i Sande, utsikt over store delar av ytre søre og Sunnmørsalpane, du ser også Hornelen på Bremangerlandet. Storetua er også kjend for alle vardane som står langs ryggen, 10stk. Gursken I.L og Gurskøy I.L. har trimpost ved den austlegaste varden på Storetua. Gjerdsvika IL har trimpost ved den vestlegaste varden.

Ruteskildring

Start ved vassverkshuset på Holtane.Der står turkart på husveggen.Gå først ned bak vassverkshuset til du kjem ned til elva, gå så oppover på vestsida av ein liten kolle og bak den, då kjem du inn på traseen til vassverksveita, følg den til du kjem til skiltet Storetua 592, ta til høgre, kryss elva og gå beint oppover på høgresida av eit elvefar, gå oppå kanten ca 2-300m austapå den austlegaste varden, ta så til venstre og følg kanten opp til varden. Trimpostane er ved denne varden, høgste punktet er ved den vestlegaste varden ca 550m mot vest.

Tilkomst og parkering

Holtane i Gursken. Ta av frå fv 61 ved BESTstasjonen ved Skogevatnet, køyr ca 500m og ta til høgre i vegkrysset etter Gursken Stadion, køyr vegen opp på Brekkane og ta til venstre i første vegkrysset og køyr ut til vassverkshuset på Holtane og parker her. Her er vanlegvis brøyta veg heile vinteren pga. vassverkshuset. Ved vassverkshuset på Holtane.
Skitur
Rød Fjell
Lengde
3,55 km en vei
Stigning
436 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
591 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, kart 1119 III Vanylven, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut