Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Storehornet / Sandviktua

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Storehornet / Sandviktua

Kvifor gå denne turen?

Storehornet er sannsynlegvis den mest besøkte toppen i Sande. Det er ein lett tur der du kjem til ein topp med god utsikt over øyane i Sande. Det er fantastisk å site på Storehornet og sjå sola gå ned i havet i vest. På Storehornet står ein stor varde, 2000 års varden, bygd i 1999 av turgåarar i regi av Gursken IL og Larsnes IL i anledning 1000 års skiftet. Gursken IL og Larsnes IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa byrjar på vestsida av vegen på høgste punktet på Drageskaret, går så vestover, først over nokre myrar, råsa fylgjer så ryggen utover til toppen. God rås, kan vere litt vått over myrane ved regnver.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Drageskaret på fv. 61 mellom Gursken og Larsnes.

Kvar kan du parkere?

God parkering på parkeringsplass på høgste punktet av Drageskaret.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,6
Lengde tur/retur (km) 2,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 20
Bratteste helning ned 30 20
Total stigning 100 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III Vanylven, Sunnmorskart.no