English

Store Trollvardegga - Blåfjellet (1144 m.o.h.)

Stranda / Sykkylven

Kort om turen

Flott tur som går via Blådalen der det er to idylliske vatn. Turen hit passar godt som familietur. Frå Blådalen er det ein grei tur opp til Store Trollvardegga/Blåfjellet. Her har ein godt utsyn i mange retningar, og dersom ein ønskjer å gå ein rundtur, kan ein gå via Roaldshornet og Kleivdalshornet og kom ned att til det nedste vatnet i Blådalen.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du vidare på skogsveg/grusveg til du kjem til ei elv (Vikelva). Her går tydeleg og god sti langs elva. Det er jamn stigning oppover utan bratte parti. Når du nærmar deg første vatnet går elva stille og her er mange småhølar som det går an å kjøle seg i. Oppe ved første vatnet er det laga til fin raste-/bålplass i austenden av vatnet. Skal du opp til andrevatnet har du to val: Vil du gå på god sti og via ei steinhytte , må du krysse elva eit lite stykke nedanfor førstevatnet. Vil du gå heilt opp til førstevatnet, følger du elva derifrå på litt utydeleg sti opp til andrevatnet. Når du har komt opp til andrevatnet går du på høgre sida av vatnet til du kjem til ei elv. Herifrå skal du skråe oppover og gå på ei brei hylle over nokre hamrar. Her er ikkje sti, men det er greit å finne vegen vidare opp til toppen. Legg gjerne turen om steinhytta (N62° 19.197' E6° 49.520') enten når du går opp eller når du kjem ned att! Det er ei enkel, men fin steinbu som er open for dei som går forbi. Skriv deg gjerne i gjesteboka.

Tilkomst og parkering

Frå Sykkylven køyrer du mot Stranda. Ta av til Fjellsætra. Følg grusveg på sørsida av Nysætervatnet (sjå skilt til m.a. Kleivdalsfjellet). Køyr så langt vegen går. Det er bra med parkeringsplass her.
Fottur
Blå
Lengde
10,06 km tur/retur
Stigning
814 m
Tidsbruk
4 t. 35 min.
Høyeste punkt
1145 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7

Offentleg transport

Nei

Kart

Turglede Sykkylven (nytt turkart 2014). Turkart Stranda kommune (2008)
Køyreskildring
Print ut