English

Storbotnhornet - rundtur frå Grytalisetra

Ålesund

Kort om turen

Storbotnhornet er den minst besøkte toppen i Ørskog. Fjellet er vanskeleg tilgjengeleg. Her er det luftige parti. Sikring med tau er å anbefale på utsette punkt. På Storbotnhornet har du fantastiske utsikt. Denne turen er gått som ein rundtur og du har panoramautsikt til toppane frå ein vinkel du vanlegvis ikkje ser dei. 

Ruteskildring

Følgj same råsa som turen mot Grytavatnet. Kryss elva og gå mot Litlebotnvatnet. Ved vatnet kan du gå opp lia langs ryggen mot Fremste Skorkja, eller følg merkinga mot Fremste Skorkja. På bandet får du ei fantastisk utsikt mot Storbotnshornet, Grytavasstinden, Svartvassegga, Lauparen og Sunnmørslauparlægda. Etter ein knapp kilometer gange og ei enkel oppstigning i ur og fjell, opnar utsikta mot sør og aust seg. Følg ryggen frå Sandegga mot Storbotnhornet. Det blir bratt med ein gong, men ved å holde ut i sørsida kjem du forbi den første hammaren. På ryggen igjen er det til tider utsett og du møter ein bratt hammar som ikkje kan omgås. Her kan sikring og tau komme godt med om du ikkje har eit sterkt hode for høgder. Ved å følge eit galleri inn i sørsida når du etter dette ei renne som du kan følgje til vesttoppen. Ryggen vidare mot hovedtoppen er bratt og luftig, men ikkje så utsett at bruk av tau vil vere nødvendig. Toppen byr på fantastisk utsikt! Ta deg tid til å nyte kjensla av å vere på eit fjell som er ganske unikt og å vere i magiske natur med stupbratte fjellsider og islagte vatn. Turen held fram på ein rygg nordover med fleire bratte og utsette parti der du må vere svært forsiktig. Opp fra eit markert skar kjem det vanskeligaste punktet på veg mot Tverrbotnsegga. Her vil det igjen være aktuelt å bruke tau for å komme seg opp. Følg deretter ein elegant bua rygg mot Grytavasstind. Når du er kome over til fjellsida under Grytavasstind, følgjer du traseen til denne turen heim att. Gå rett under fjellutspringa og sjå etter vardar bortover slik at du held rett høgde. Kryss over vest for Svartvassegga og gå ned i Trongbotnen med Lauparen rett framfor deg. Frå Trongbotnen er det god rås heile vegen tilbake til Grytalisetra.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Ca. 1,5 km etter Sportskapellet tek du av til høgre mot Grytalisetra. Her er det bomveg med avgift. Køyr til Grytalisetra og parker her.
Fottur
Svart
Stigning
1364 m
Tidsbruk
11 t. 15 m
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1372 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7
Ingen sti 8,5

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant
Køyreskildring
Print ut