Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Storåsen i Stokkdalen

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4

Lengde en vei (km)

2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Gapahuk og benk på Storåsen.
Utsikt mot Meeknoken og Averøya frå Storåsen.
Fin grusveg inn gjennom Stokkdalen.

Storåsen i Stokkdalen

Fotograf: Roger Naas

Kvifor gå denne turen?

Flott familietur opp til gapahuken på Storåsen i Stokkdalen. Turen er trillevennleg. 

Kvar i terrenget går turen?

Turen følgjer god og jamn grusveg oppover Stokkdalen. Dei siste 600 m er vegen noko meir ujamn, med steinar som stikk opp. Vegen går heilt fram til gapahuken. For den som kjenner seg ekstra sprek, er det muleg å ta turen vidare opp på Stokknoken. Da må du gå litt tilbake same veg som du kom, og ta av opp til venstre ved skilt. 

Kulturminne

Skogsvegen innover Stokkdalen snor seg gjennom eit flott kulturlandskap.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved ein skogsveg like aust for Maihaugen ute på Storlandet i Gjemnes.

Frå Gjemnessundbrua følgjer du FV279 mot Eide. Etter om lag 6,2 km går det av ein skogsveg på venstre hand, inn Stokkdalen. Skogsvegen er skilta med Stokknoken og Storåsen, og det er parkering nede ved bommen ved fylkesvegen.

Frå Eide er det om lag 15,4 km langs FV279 fram til skogsvegen i Stokkdalen.

Kvar endar turen?

Turmålet Storåsen i Stokkdalen ender ved gapahuken. Her er det postkasse med turbok inne i gapahuken.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved bom i skogsvegen ved FV279.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,4
Traktorveg 0,6
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 2
Stigning meter grader
Total stigning 150 Høydemeter

Mobildekning

Ja.

Kart

Norge-serien, Kristiansund.