Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

14,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Syltesetra ser ein Steingardsheia og Fossåna mot sør
Fullmånen lyser så vidt over Steingardsheia, før den forsvinn bak Høgsvora
Høgsvora ligg bada i februarsol, - Steingardsheia i skugge.
Frå råsa mot Giskemonibba ser ein over Kvanndalen og bort på Steingardsheia til venstre for Høgsvora

Steingardsvatnet

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Steingardsheia er eit særprega fjellområde med eit hylle- eller benkepreg. Rett nord for fjellfoten til Høgsvora ligg Steingardsvatnet som dels er avgrensa av ei stor morene eller steingard som har gitt namn til området. Snøen kan ligge lenge.
Vatnet er eit fint utgangspunkt for turar i mange retningar. Innover heia ligg det fleire småvatn. Her kan du få flotte naturopplevingar. Ein sommarkveld ved Steingardsvatnet gløymer du ikkje så lett.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå Stortrøna i Landedalen. Gå herifrå, eller køyr bomvegen fram til brua i Kvanndalen. Gå grusvegen inn til Kvanndalsetra. Her står det nytt skilt til Steingardsvatnet. No ser du Steingardsheia rett framfor deg. Følg merkepinnar vidare ned over myra, over ei bru og vidare opp mot Steingardsheia. Råsa følgjer ryggen oppover med god stigning gjennom furu- og bjørkeskog. Råsa går vidare over litt bart fjell og gjennom lav fjellbjørk. Gå i retning mot Høgsvora, inn i eit dalsøkk og ei tydeleg "hylle" i terrenget. Hald retninga mot sør og foten av Høgsvora. Etter kvart ser du "steingarden" som avgrensar nordvestsida av vatnet. Oppe på denne ser du Steingardsvatnet og finn postkassen.

Turen er også fin å gå med utgangspunkt frå Haugsetra på Ørskogfjellet, sjå boka "På tur i Ørskog."

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Stor parkeringsplass på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt mot Kvanndalsætra, Giskemonibba, Steingardsvatnet og Postvegen.

Kvar kan du parkere?

E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Bompengar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Løs grus 7,6
Dårlig sti 3,4
Myr 3,4
Lengde tur/retur (km) 14,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 800 17
Total stigning 500 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, Timeekspressen køyrer forbi kvar time i begge retningar.

Mobildekning

Delvis

Spesielle forhold

Snøen kan ligge til godt ut i juni på deler av råsa.

Kart

Ørskogfjellet