Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2 km tur-retur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Steindalsstølen

Fotograf: Andreas Håvoll

Kvifor gå denne turen?

Fin tur i vakker og til dels vill natur til setra for gardane på Grønnngsæter. Stølen ligg 550 moh., ved inngangen til Steindalen. Setra og setermarka ligg i Reinheimen landskapsvernområde. Området vert brukt til sauebeite.

Ved å følgje råsa vidare innover dalen kjem ein til Tjønnebu (ca 5 km) og Vakkerstøylen (ca 18 km). Dette er Ålesund og Sunnmøre Turistforening (ÅST) sine hytter. Om lag midtvegs mellom Steindalsstølen og Tjønnebu kjem ein inn i Reinheimen Nasjonalpark.

Kvar i terrenget går turen?

Parkeringsplass ved enden av bomveg, 1,5 km etter siste garden på Grønningsæter. Følg skilting. Fin, oppmura rås gjennom skogen på høgre sida av elva oppover til Steindalsstølen. Dette er også ei DNT-rute.

Under krigen fekk folket på Grønningsæter tilskot frå staten til å byggje setervegen. Vegen var bratt og svingete og det var eit storarbeid med handboring og sprenging og bygging av bru.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Frå gammalt var det sju sel på stølen. Sela var oftast små, 7-14 kvadratmeter. Tre av dei gamle sela står att. Fonna skal ha teke seterhusa to gongar i gammal tid, seinast i 1905. Materiane vart samla saman, frakta oppatt på stølen og sett opp att. Det har vore sagt at fonna har teke stølen ein gong kvart hundreår. Seterdrifta vart slutt rundt 1947.

Bjørstadstølen og Ihljestølen
Om lag ein kilometer framafor Steindalsstølen og på andre sida av elva er der nokre gamle murar bygde inn i bakken. Bjørstadstølen har denne staden vorte kalla, men ingen av dei gamle visste noko om han. Ein teori er at det kan ha vore veidefolk som har hatt tilgang der. Der går ei fonn over der desse murane er, så der er lite truleg der har vore ei seter. Om lag midt mellom Steindalsstølen og Bjørstadstølen ligg ein voll dei kalla Ihljestølen. Der er ingen restar etter hus. Kanskje var det ein stad der krøtera kom for å mjølkast?

Kjelde: Til seters. Setrar i Norddal. Valldal Bygdekvinnelag 2012.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå fv 63 mellom Valldal og Trollstigen ved skilt til Grønningsæter, ca 20 km frå Valldal sentrum. Køyr heilt til enden av vegen (bomveg frå siste tunet).

Kvar kan du parkere?

Parkering ved enden av bomveg. Parkering ved gardane på Grønningsæter etter avtale med grunneigar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1
Lengde tur/retur (km) 2 km tur-retur
Stigning meter grader
Total stigning 169 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145
Om sommaren går det også buss mellom Valldal og Åndalsnes (tre avgangar for dag).

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000 Turkart Romsdalsfjella 1: 80 000 Turkart Tafjordfjella 1:50 000