Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Steimsnibba frå Karbø

Om turen

Gradering

Kommune

Stranda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

13,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Start ved Karbø
Hytta på toppen
Fin lauvskog
Flott utsikt!

Steimsnibba frå Karbø

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Steimsnibba ruvar over Hellesylt. Turen til topps er variert, går forbi ei sæter og gjennom flott lauvskog til Skaret der du får flott utsikt ut Sunnylvsfjorden. Frå Skaret og vidare til topps går ein i ope lende og med flott utsyn. På toppen er det fleire flotte vardar og ei steinhytte til å søke ly i.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Karbø følger du skogsveg i omlag 1,5 km til Torskreddalsætra. Følg skilting til Skaret og Steimsnibba. Vidare følger du god sti til Skaret. Det er lite stigning her og du går i flott lauvskog. Gi deg tid til ein stopp på Skaret. Her er det flott utsikt ned til Hellesylt og utover fjorden! Stien frå Hellesylt kjem opp her. Dette er ei brattare oppstiging enn frå Karbø. Frå Skaret går det tydeleg sti til topps. Først ei litt bratt stigning, vidare litt slakare på ryggen før du begynner siste oppstiginga til topps. Gi deg tid til å nyte utsikta undervegs!

Kulturminne

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Hellesylt køyrer du omlag 3 km i retning Stryn (RV60). Ta av til Karbøen, første gard på venstre side av vegen, og parker like etter brua. Turen startar på skogsvegen like ved der du parkerer.

Kvar kan du parkere?

Ved start like etter brua der skogsvegen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 3
God sti 10,1
Lengde tur/retur (km) 13,1
Stigning meter grader
Total stigning 1148 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Stryn og Stranda http://www.frammr.no

Kart

Turkart Stranda kommune. sunnmorskart.no.