Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Stegholen/Flofjellet

Om turen

Gradering

Kommune

Stranda

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

8 km

Lengde en vei (km)

4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Stegholen/Flofjellet

Kvifor gå denne turen?

NB! Turen er ofte ikkje mulig å gå før rundt 1. Juni.
Dette er ein gamal ferdselsveg som vart påbegynt rundt 1900, mellom Hellesylt og Flo, heile vegen til over til Flo er 10 km lang, ein paserer Nedstevassætra på vegen opp til Stegholen, dette er sætrane til gardane øvst i Sunnylvsbygda. Turen går langs med Nestevatnet, med høve til fiske mot fiskekort.
Elles går ein forbi utmarrksbeite og dyrka jord på denne turen, også gamle utmarksløer. Om ein ynskjer å forlenge turen tek det ca 30 min og gå til sætrane på Flofjellet som ligg i Sogn Og Fjordan fylke. Endestasjon for StikkUt turen er i Stegholen midt på Stegholsvatnet, der fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane gå.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startare ve parkeringsplassen 300 m forbi øvste garden iSunnylvsbygda(Vollset), den går så på grusveg/sætreveg heilt fram til Stegholen.

Kulturminne

Sætrestøl og utmarksløer.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen starter ved parkeringsplassen so ligg ca 300 m forbi dei øvste gardane Sunnylvsbygda (Vollset). Her erdet gode parkeringstilhøve og også eit sanitæranlegg.

Kvar endar turen?

Turmålet er Stegholen, der er kassa plassert i hole i fjellet høgt opp i sia over Stegholsvatnet.

Kvar kan du parkere?

Vollset, ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2
Løs grus 2
Lengde tur/retur (km) 8 km
Lengde en vei (km) 4 km
Stigning meter grader
Total stigning 150 Høydemeter

Offentlig transport

Nei.

Mobildekning

Nei, kun deler av turen med Netcom sitt nett.

Spesielle forhold

Det kan trillast barnevogn på denne turen (ikkje vognene med små hjul)

Kart

Geiranger