English

Stamneset

Fjord

Kort om turen

Fin tur på asfalt med utsyn over Storfjorden med fjella og dei fråflytta gardane Skotet, Vidhammar og Korsedal på andre sida av fjorden. Turkassa finn du omtrent halvvegs til Stamnesbugen. Det er ikkje tilrådeleg å gå denne vegen om vinteren og våren, då det kan gå snø-, is- og steinras.

Ruteskildring

Turen går på den gamle bilvegen mellom Dyrkorn og Stordal. Frå kaia på Dyrkorn går du opp bakken og tar til høgre i vegkrysset, mot Stordalstunnelen. Ta så av til venstre, og gå gamlevegen som fører over tunnelinnslaget og vidare innover. Du passerar to bolighus og eit gardsbruk og held fram til du kjem til Stamneset. Berre første delen av vegen blir halden ved like, på siste delen ser ein kor attgroinga har starta. Vel du å gå vidare til Stamnesbugen og til naustet der, kan du sitte i støa og nyte utsynet over sjøen, eller fiske frå berga rundt. Her skal ein vere obs på at glidekanten manglar på delar av vegen. 

Tilkomst og parkering

På parkeringsplass aust for kaia på Dyrkorn.
Fottur
Grønn
Lengde
1,72 km en vei
Stigning
90 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
66 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,72

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Anna

Du kan følge vegen vidare til Stordal, men då må du gå over eit steinras.

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut