Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

10,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot aust, Sunnmørsalpane, Rjåhornet og Holmevatnet.
Ulsteinvik sett frå Sollia.
Snart framme, Sollia oppe til høgre i bildet.
Mykje folk på toppen når Sunnmørsposten arrangerer til topps tur.

Sollia

Fotograf: Bjørn Skoge

Kvifor gå denne turen?

Sollia er høgaste fjellet i Sande kommune og i Herøy kommune, men heile turen går på Herøysida av kommunegrensa. Den vestlegaste toppen er høgaste topp i Sande, 660 moh, den austlegaste toppen er høgaste topp i Herøy, 661 moh. God utsikt i alle retningar, du ser Herøy, Sande, Ulstein, Sunnmørsalpane og Vanylvsfjella. Gurskøy IL og Moltu IL har trimpost på Sollia.

Kvar i terrenget går turen?

Start turen ved lysløypeparkeringsplassen på Leikongeidet. Råsa går nordvestover opp gjennom dalen, når du kjem opp på kanten snur den mot nordaust og fylgjer ryggen opp til ein liten topp, går eit lite stykke til mot nordaust, for så å gå mot nord og mot nordvest over myrane, når du kjem over myra og opp på kanten går råsa mot vest over ei stor myr, når du har passert den myra skal du opp på ein topp merka med 598m på kartet, når du kjem opp på den toppen ser du Sollia, råsa går då nedover til eit lite vatn og går på sørsida av vatnet, derifrå går råsa beint mot Sollia og kjem opp på høgresida av toppen og fylgjer ryggen siste meterane opp. Der er også råser som kjem opp frå Moldtustranda og frå Tjørvåg.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Fv 61 ved lysløypa på Leikongeidet i Herøy.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved lysløypa.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 10,8
Lengde tur/retur (km) 10,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 14
Bratteste helning ned 200 14
Total stigning 730 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I, II, III, IV, Sunnmorskart.no