Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sollia via Nonshornet frå Tjørvåg

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur
Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

9,4

Lengde en vei (km)

4,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nonshornet
Rett før toppen
Nonshornet og turkassa
Ruten Tuftene - Nonshornet - Sollia

Sollia via Nonshornet frå Tjørvåg

Fotograf: Arnt Flatmo

Kvifor gå denne turen?

Sollia er det høgste punktet på Gurskøya: 660 moh. Dei tradisjonelle rutene til Sollia går frå Leikongsætra og Moltudalen. No er det òg merkt ei rute som går fra Tuftene i Tjørvåg. Denne ruta går via Nonshornet (485 moh), som er eit turmål i seg sjølv med postkasse og turbok. I tillegg er det òg merkt ei rute mellom Rjåhornet og Sollia.

Som den høgste toppen på Gurskøya har Sollia den vidaste utsikta, og det er den dei fleste kjem for å nyte. Rutene er lettgåtte og toppen er populær som turmål. Det kjem ikkje fram av noko kart om det er aust- eller vesttoppen på Sollia som er høgast, difor blir dei sett på som jamnhøge sjølv om den eine toppen kanskje er ein halv meter høgare enn den andre.

Sollia er mykje besøkt på ski når det er forhold til det. Den mest vanlege ruta å gå er frå Leikongsætra. Men ruta frå Tjørvåg eigner seg òg godt som skitur. Ruta er nesten ein halv km kortare enn ruta frå Leikongsætra og byr på ei nedkøyring frå 660 moh og heilt ned til fjorden utan oppoverbakker! Under gode forhold kan ein gli heile vegen ned.

For dei som synets Sollia er i lengste laget, er Nonshornet eit godt alternativ. Utsikta mot nord og nordøst er flott, og ruta er lettgått. Nokon synest kanskje siste bakken etter Tjørvågselet er litt tung.

Kvar i terrenget går turen?

Denne sida omtaler ruta heilt opp til Sollia. Du startar ved Nonshornet og Sollia-skiltet ved Tuftene og følgjer stien bort til bekken. Etter kraftig nedbør blir bekken til ei lita elv og ein må vere varsam ved kryssing. Stien fortsetter opp skogen og stiger etter kvart over tregrensa. 200m aust for Tjørvågselet dreier stien sørover (skiltet) langs myrterreng før den følgjer nordryggen på Nonshornet oppover. Turkassa er plassert på høgste punkt.

Frå Nonshornet går den merkte ruta videre sørvest oppover mot nordaustryggen av Sollia, og videre mot austtoppen på Sollia.

Retur same veg om ein ikkje vil gå via Rjåhornet og ned til Stemmedalen på merkt rute. På ski er det ein fordel å unngå humpene på nordaustryggen og køyre ned via nordenden på Holmevatnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Følg fv. 654 mot Fosnavåg. Ca. 1,5 km før Coop-butikken på Tjørvåg finn ein parkering ved kirkegarden på Tuftene. Alternativt kan ein ta av på Nybøvegen rett etter kirkegården på Tuftene. Her er det ei parkeringslomme på venstre hand, rett etter turskiltet som peiker mot Nonshornet, Tjørvågselet og Sollia.

Kvar kan du parkere?

Kirkegården ved Tuftene, rett før Tjørvåg

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 9,4
Lengde en vei (km) 4,7

Offentlig transport

Busstopp ved Tuftene

Mobildekning

Ja