Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Solemssetra frå Litlvika

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,8

Lengde en vei (km)

1,9

Total lengde rundtur (km)

5,0

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mange flotte utsiktspunkt oppover lia.
Midt i bildet: Hamnes, Kjergroneset og Vargøya. I bakgrunnen Strengen.
Seterskjelet ved turmålet.
Utsikt innover fjorden.

Solemssetra frå Litlvika

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Dette turmålet er ei lita naturperle som ligg på ein lun rabb i lia over Hamnesfjorden. Setra ligg ikkje høgare enn litt i overkant av 300 meter over havet, men har likevel ein utsikt som gjer ei bratt li vel verdt å gå. Dette er ein tur som passar som kvardagstrimtur, men også som søndagstur med dei minste. Turen går etter ei av to ulike merka ruter opp mot setra. Ruta vi beskriv her, er brattare enn den andre. Til gjengjeld kjem du mykje fortare opp til flotte utsiktspunkt som du kan nyte oppover lia. Viss ein følgjer den andre merka ruta ned igjen, kan dette også bli ein fin rundtur.

Kvar i terrenget går turen?

Parkerer du på merka plass på nersida av vegen i Litlvika. Gå ca. 100 meter vidare utover og ta inn på skogsvegen på øversida av vegen. Herifrå følgjer du skogsvegen oppover lia og til endes. Deretter tek du inn på stien som går vidare heilt fram til seterstølen. Her er det fint å raste på det flotte utsiktspunktet framfor seterskjelet til Oppistua på Solem. Du kan så velje å gå same veg tilbake til Litlvika.

Som sagt tidlegare er det óg merka ei anna rute opp til setra. Viss du følgjer denne merkinga ned igjen, kjem du ned på bygdevegen der du møtte den første skiltinga på køyreturen utover. Dette kan derfor også bli ein fin rundtur.

Kulturminne

Ved turmålet finn du det gamle seterskjelet både til Oppistua og Nestua på Solem.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Bele i Bæverfjord tek du av i krysset mot Flessa. Køyr til Solem, ca. 4 km. Herifrå er ei anna rute merka opp mot Solemsetra. Køyr forbi denne første skiltinga og vidare ein stor kilometer til Litlvika. Her parkerer du på merka plass på nersida av vegen.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved startpunkt.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 3
God sti 0,8
Lengde tur/retur (km) 3,8
Lengde en vei (km) 1,9
Total lengde rundtur (km) 5,0
Stigning meter grader
Total stigning 300 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Viss du går rundtur: Lukk grinder etter deg!

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000), friluftskart for Surnadal