English

Solemssetra

Surnadal

Kort om turen

Målet for denne turen er seterskjelet til Oppistua Solem. Seterskjelet er blant dei eldste og best bevarte i bygda, og ligg på ein haug med flott utsikt utover fjorden og øygarden utanfor. Turen går hovudsakleg etter skogsveg. Solemssetra er slik det ideelle turmålet for barnefamiliar eller for ein rask trimtur ein kvardagskveld.

Ruteskildring

Frå Bele i Bøverfjorden tek du av i krysset mot Flessa. Køyr til Solem, ca 4 km, og sving til høgre på skrå opp gardsvegen til Oppistua. Parker ved enden av det kvite våningshuset, og gå oppover vegen mot huset som ligg lenger oppi bakken. Ta av frå vegen og gå vidare oppover ekra bak garasjen ved huset. I øverkant av ekra går du igjennom grinda, og fortsett oppover. Du kjem da inn på ein skogsveg som du svingar inn på til venstre og fortsett etter. Når du kjem til ein stor lunningsplass, held du også lett mot venstre og fortsett skogsvegen som fører vidare oppover på andre sida av den opne plassen. Eit stykke lenger opp deler vegen seg. Du held til venstre og fortsett etter den eldste skogsvegen. Når den første bygninga dukkar opp oppi lia framfor deg, går du ikkje opp til denne, men held deg til skogsvegen som går nedanfor, på skrå vidare utover og oppover mot Oppistusetra. Du ser ikkje seterskjelet før du mest er heilt framme, men veit du er komen på riktig plass når du ser trimkassen til Bæverfjord i.l. på veggen til seterskjelet.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Oppistua, Solem.
Fottur
Blå
Stigning
265 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
312 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Hugs å lukke grindene du passerer gjennom! Viss ikkje kan husdyr koma på avvegar.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)
Køyreskildring
Print ut