English

Solavågsfjellet fra Porsen

Sula

Kort om turen

Turen til Trollhaugen/Solavågsfjellet (263 moh.) går på tydeleg, men ganske våt og tidvis bratt sti. På toppen får ein fantastisk utsikt i alle retningar.

Ruteskildring

Den første kilometeren går på god kjerre-/traktorveg. Her er det mogeleg å sykle eller trille barnevogn (med store hjul). Vegen går deretter over på ei tydeleg rås som er godt skilta. Ved Grønmyrhaugen som ein passerar etter ca. 1,5 kilometer, er det flott utsikt. Herfra er det ca 400 meter til toppen.  

Tilkomst og parkering

Parkering ved startpunktet til turen, på Solavågsvegen. Ingen avgift.
Fottur
Grønn
Lengde
1,9 km en vei
Stigning
242 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
262 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,1

Offentleg transport

Ein kan ta buss til Sunde fergekai og deretter gå eit lite stykke tilbake og opp Pebakken. I krysset på toppen tek ein til høgre, og følger Solavågsvegen ca. 900 meter, fram til startpunktet, på venstre side av vegen. Med offentleg transport er turen ca. 1,7 kilometer lengre, kvar veg. Alternativt kan ein ta buss til Solavågseidet og gå derifrå, ca. 400- 500 meter kvar veg.

Anna

Solevågsfjellet er verna som naturreservat, den strengaste verneformen vi har i Noreg.

Kart

10076 Ålesund Turkart Norge serien
Køyreskildring
Print ut