Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Snøhornet - Bekarshornet - Sæsshaugen (Lauvstad)

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde en vei (km)

3,5 km til toppen

Total lengde rundtur (km)

10 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsyn etter at granskogen er passert
Frå toppen av Snøhornet, utsyn mot aust
Retur via Bekarshornet
Parti frå Sæsshugen
Eksempel kulturminne langs ruta
Oversikt Bekarshornet - Snøhornet

Snøhornet - Bekarshornet - Sæsshaugen (Lauvstad)

Fotograf: Beko/Pel

Kvifor gå denne turen?

Snøhornet gir eit rundskue som du seint gløymer, og omgrepet "fjord og fjell" gir meining!

Kvar i terrenget går turen?

Turen til Snøhornet er i "Fotturar på Sunnmøre" omtalt som ei middels tung rute på 3 km, frå 180 til 1025 moh. Voldingar som ikkje tek med bil på ferja kan få 2 km ekstra trim.
Frå vegen mellom Lauvstad og Steinsvika tek du av til høgre etter knappe 2 km, og kjem opp til parkering nær Løndalen. Ved traktorvegen oppom parkeringsplassen er det skilta til Snøhornet.
Gå først sør for granskogteigen og opp på åsryggen. Vidare vert det kjekkare sti oppover ein attgrodd steingard til ei hytte på 700m. Så to bratte kneikar til den luftige og smale egga med svært enkel klyving.

Bekarshornet er sørenden av Snøhornmassivet. Med retur frå Snøhornet om denne toppen får du ei heil rypejegerrunde ned langs ein fjellrygg til sætra Sæsshaugen. Frå Sæsshaugen på delvis hellelagd sti med trapper og gjennom klynger av lerkeskog tilbake til starpunktet.

Kulturminne

På turen til/frå Sæsshaugen er der fleire kulturminne, jfr. bilde frå plassen "Kvile"

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Lauvstad køyrer du sørover langs fjorden på Fv 40. Ta av til høgre opp Åsevegen etter knappe 2 km. Du kjem opp til god parkering ved Sætreåsen. Gratis parkering.

Kvar kan du parkere?

Parkering nær Løndalen. Inge parkeringsavgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde en vei (km) 3,5 km til toppen
Total lengde rundtur (km) 10 km
Stigning meter grader
Total stigning 845 Høydemeter

Kart

Turkart Sunnmørsalpane og turkart Vanylven